Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Vi set ned nettleiga

Trass store investeringar og utbetringar av nettet vårt, har vi i Sognekraft følgjande gladmelding til kundane våre: Frå 1. oktober reduserer Sognekraft nettleiga. Prisreduksjonen tilsvarar 1.282 kroner årleg for ein gjennomsnittlshushaldning.

Årsaka til at vi kan redusera nettleiga såpass mykje er først og fremst fordi vi driv godt og kostnadseffektivt, seier Terje Bakke Nævdal, administrerande direktør i Sognekraft. Trass store investeringar og utbetringar av nettet vårt dei siste åra, har Sognekraft gjennom meir effektiv drift greidd å redusera kostnadene og kan no redusera nettleiga ytterlegare.

I energibranjen sine eigne målingar av effektivitet, er Sognekraft mellom dei mest effektive nettselskapa i landet når det handlar om distribusjonsnettet. Sognekraft har brukt mange titals millionar kroner dei seinare åra på å byggja eit nett for framtida og på investeringar i samfunnskritisk infrastruktur.

Vi har lite avbrot i straumforsyninga og høg forsyningstryggleik, seier Terje Bakke Nævdal.

Sidan Dagmar råka Sognekraft så hardt romjula 2011, har vi intensivert skogrydding i linjetraseane, lagt mange kilometer med sjø- og jordkabel, styrka sårbare punkt og såleis sytt for meir stabil leveranse av produktet Sognekraft produserer, eitt hundre prosent fornybar energi. Di færre straumbrot, di betre og meir kostnadseffektiv drift.

Nettleigedelen på straumfakturaen er den delen straumkundane likar minst, forståeleg nok. Det er ei avgift som råkar svært ulikt, alt etter kvar du bur i landet. Enkelt forklart er det slik at dei som bur i store byar og folketette område, slepp unna med lægre nettleige fordi nettkostnaden vert delt på mange innanfor eit lite geografisk område. Vi som bur ute i distrikta, med store avstandar, spreidd busetnad og eit linjenett som skal forsera bratt og utfordrande natur, har færre å dela kostandene på og må difor betala mykje meir. Slik har dei folkevalde på Stortinget bestemt at det skal vera, sjølv om det meste av krafta vert produsert ute i distrikta.

At vi likevel greier å redusera nettleiga såpass mykje er ei god melding å gje kundane våre. Nær 1300 kroner i reduserte utgifter årleg for ein gjennomsnittsfamilie gjer ein skilnad. Vi ligg no berre 9 prosent over nettleigeprisen i hovudstaden vår, trass dei svært urettvise konkurransevilkåra, seier Terje Bakke Nævdal.

Prisreduksjonen til privatkundar tilsvarar 22 prosent reduksjon av energileddet i nettleiga, det vil seia den delen av nettleiga som skal reflektera kunden sin bruk av straumnettet. For små og store næringskundar innanfor Sognekraft sitt konsesjonsområde er prisreduksjonen 16 prosent.

Når vi snakkar om ei gjennomsnittshushaldning i denne samanhengen tek vi utgangspunkt i bransjestandarden der eit årsforbruk er 20.000 kWh (kilowattimar) for ein gjennomsnittleg norsk hushaldning.

Dato 18.09.2019

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.