Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.
Vi byggjer Kaupanger transformatorstasjon

Vi byggjer Kaupanger transformatorstasjon

Med nye Kaupanger transformatorstasjon under bygging tek vi høgde for eit Kaupanger i sterk vekst.

 

Kaupanger transformatorstasjon er kostnadsrekna til kring 70 millionar kroner og skal ta unna for veksten på Kaupanger i lang tid framover. Då har vi også teke høgde for forsyning av fornybar energi til ei elektrisk framtid ved Sogndal lufthamn, der Avinor har store planar om lada elektriske rutefly i nær framtid.

– Ein møter alltid på utfordringar i såpass store prosjekt, men oppstarten har gått veldig bra og no byrjar tranformatorstasjonen å ta form, seier Elisabeth Stokkenes, Sognekraft sin prosjektleiar for bygginga av Kaupanger transformatorstasjon.

Det er store mengder jarn og betong som skal på plass når ein byggjer ein topp moderne transformatorstasjon. Sogn Entreprenør er hovudentreprenør for Kaupanger transformatorstasjon, medan Siemens skal byggja kontroll- og apparatanlegget.

Viss alt går etter planane skal bygget stå ferdig kring juletider, medan Siemens vil bruka vinter, vår og sommar på monteringsarbeidet sitt. Målet er spenningssetting av Kaupanger transformatorstasjon sommaren 2021.

Dato 02.07.2020

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.