Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.
Verdiskaping og tru på Sogn

Verdiskaping og tru på Sogn

Sognekraft har som mål å setja krefter i sving, kvar einaste time heile året. Vi er og skal vera drivkraft i Sogn. Dei siste åra har vi sett i gang store utbyggingsprosjekt i Sogn, både innan nettutvikling og ny kraftprodukjson. Dette gjer vi fordi vi har tru på produksjon av eitt hundre prosent fornybar energi, vi har tru på framtida og vi har tru på Sogn.

I Fjærland har Sognekraft vore med på å utvikla dei seks kraftprosjekta i Romøyri, Lidal, Berge, Bjåstad, Hatlestad og Jordal. Gjennom kjøpsavtalen med utbyggjar Småkraft har vi vorer tett på utbyggingane, og vi er stolt over resultatet. Utfordringane har vore store, slik det gjerne er når ein tek i bruk ny, banebrytande teknologi og skal byggja kraftverk i veglause grender. Mellom anna er det sett verdsrekord i fullprofilboring i samband med utbygginga av Hatlestad kraftverk.

I Lidal oppstod det eit såkalla pakningsbrot i haust, ei alvorleg hending på røyrgata inne i krafttunnelen. Dette er sjølvsagt slikt som ikkje skal skje, og alt som kan gjerast vert gjort for at dette aldri skal finna stad att. Det er no etablert løysingar og sett inn omfattande tiltak som skal hindra liknande hendingar i Lidal og dei andre kraftverka kring Fjærlandsfjorden. Når uhellet flørst er ute, er ein i den lukkelege situasjonen at ein kan gjera utbetringsarbeidet i vinterhalvåret, då vassføringa og produksjonen er på sitt minste.

Trass ulike hendingar og utfordringar har mange aktørar i kraftbransjen vore interessert i å gå inn på eigarsida i småkraftverka i Fjærland. No har vi selt Fjærland Kraft AS til norske Clemens Kraft, mellom dei største utbyggjarane av småkraftverk i Noreg. I salsavtalen skal Sognekraft ha drifts- og vedlikehaldsansvaret for dei seks nye kraftverka framover. Slik sikrar vi arbeidsplassar og får att for den kompetansen vi har bygt opp i Sognekraft innan moderne kraftproduksjon. Slik sikrar vi også kapital til å satsa vidare i Sogn, og slik sikrar vi lokalsamfunnet og grunneigarane sine interesser. Salet vart gjennomført på tampen av 2018, der vi samstundes kom til semje med Småkraft om sluttoppgjeret mellom Småkraft AS og Sognekraft AS for Fjærland Kraft AS.

Samstundes med utbyggingane av dei seks småkraftverka i Fjærland har vi modernsiert straumnettet og rulla ut fiber i bygda. I dag framstår Fjærland som det bygdesamfunnet i Noreg med den beste infrastrukturen på straum- og fibernett. Samla er det investert for over ein halv milliard kroner i Fjærland i løpet av tre-fire år. Dette er verdiskaping i praksis, langt meir enn det som vert produsert av straum i dei ulike kraftverka, ein straumproduksjon tilsvarande forbruket til om lag 6.000 norske husstandar.

Vi har ambisjonar for Sogn. Eigarane til Sognekraft har gjeve oss i oppdrag å utvikla verksemda gjennom vekst på det vi er gode til, produkjson av fornybar energi, sal av kraft og distribusjon av denne krafta gjennom ein tøff og utfordrande natur. Eigarane våre har gjeve oss i oppdrag å syta for verdiskaping i Sogn, åleine eller saman med partnerar. Vi er i ferd med å gjennomføra tidenes satsing i Sognekraft-regi. I løpet av ein knapp tiårsperiode investerer vi i ulike kraft- og nettutviklingsprosjekt for kring 3,5 milliardar kroner i Sogn. I tillegg har vi investert i kraftprosjekt i Sunnfjord, Nordfjord og Møre og Romsdal saman med Sunnhordland Kraftlag der innsatsen vår tilsvarar 200 millionar kroner.

Vi har sett i gang ei av dei største vasskraftutbyggingane i Noreg dette tusenåret, utbygginga av Leikanger kraftverk. Her vert om lag 800 millionar kroner investert i rein fornybar energi, nok kraft til å forsyna vel 10.000 husstandar med straum.

Med slik verdiskaping og så store investeringar på høvesvis kort tid, seier det seg sjølv at Sognekraft må søkja samarbeid og partnerskap i einskilde prosjekt. Dei seks småkraftverka i Fjærland, samla i Fjærland Kraft AS, er eit godt døme i så måte. Clemens Kraft eig Fjærland Kraft, Sognekraft skal drifta dei seks kraftverka gjennom ein god og langsiktig avtale mellom partane.

Samarbeid og partnerskap, gjerne gjennom delt eigarskap, kan det bli i fleire av kraftsprosjekta Sognekraft utviklar. Ikkje noko er hogge i stein i så måte, men Sognekraft vil heilt sikkert utvikla, eiga og drifta mange av prosjekta vi er i gang med. Prisutviklinga på straum den siste tida har uansett gjort kraftprosjekt meir aktuelle for oss å byggja ut, men her er vi framleis langt frå å konkludera.

Når ein satsar slik som vi i Sognekraft gjer, utset ein seg for risiko i ein bransje der ingen sit med fasiten på korleis prisutviklinga vert for vara vi leverer og utviklar, fornybar energi. Difor må ein balansera denne risikoen, gjerne gjennom partnerskap saman med andre solide aktørar i bransjen.

Oppsida for eigarane våre, med kommunane og deira innbyggjarar i spissen, er auka inntekter gjennom kraftskatteinntekter, utbyte, og trygging og skaping av nye arbeidsplassar.

I løpet av dei siste ti-tolv åra har Sognekraft dobla talet på tilsette. I dag tel konsernet Sognekraft 114 tilsette, medrekna Sognenett der Sognekraft eig 70 prosent av aksjane. I dag, tolv år etter etableringa, er Sognenett den fremste leverandøren av fibertenester i Sogn.

I 2014 kjøpte vi Vadheim kraftverk, eit stort løft for Sognekraft. I dag produserer kraftverket vårt i Vadheim svært godt og leverer gode resultat.

Stort sett lagar Sognekraft kraft frå rennande vatn, men tysdag 8. april 2014 kutta statsminister Erna Solberg snora til Sognekraft Fjordenergi i Sogndal, eit anlegg ho skildra som banebrytande. Frå 50 meters djup i Sognefjorden varmar og kjølar Sognekraft dei største bygga i Sogndal med stilleståande sjøvatn.

Det er slik vi ynskjer å framstå, uredde og nyskapande i ein bransje som har ei vare for framtidas samfunn, eitt hundre prosent fornybar energi. Slik skapar vi attraktive arbeidsplassar, slik utviklar vi samfunnet vi er ein del av, slik set vi krefter i sving.

 

Terje Bakke Nævdal

administrerande direktør Sognekraft

Dato 16.01.2019

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.