Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.
Trainee i Sygnir

Trainee i Sygnir

Vi søkjer trainee: Elkraft og digitalisering

Om stillinga

Sygnir AS er det nye nettselskapet i Sogn og ein del av Sognekraft-konsernet. Saman med konsernet og dei tilhøyrande dotterselskapa ynskjer Sygnir å auke satsinga innan digitalisering. Satsinga har allereie starta og eit døme på dette er at me i konsesjonsområdet vårt har bygd Norges mest omfattande LoRaWAN-nettverk. Dette legg til rette for ei datainnsamling som berre fantasien set grenser for, og utover dette har me tilgang til ei rekke datakjelder frå t.d. AMS, driftskontrollsystem, digitale verktøy m.m.

No handlar det om å bruke desse datakjeldene, gjere data tilgjengeleg for brukarane og ikkje minst effektivisere og automatisere prosessar. Vidare er me i startfasen av proaktiv feilhandtering, eksempel på dette er at me finn feil før kunden sjølv finn og opplev feilen.

Som eit naturleg ledd i dette arbeidet – så jobbar me med å fornye og kjøpe inn nye digitale verktøy. Spennvidda her er stor og gjeld alt i frå tradisjonell og proprietær programvare – heilt til frie verktøy som t.d. Python.

Arbeidsoppgåver

For å utvikle gode løysningar innan digitalisering er det viktig at du lærer organisasjonen å kjenne. Difor vil du hospitere i ulike delar av nettselskapet for å bli kjent med arbeidsoppgåvene, prosessane og ikkje minst kollegaene og deira behov. Parallelt vil du jobbe tverrfagleg både internt i Sygnir og saman med Sognekraft konsernet for å løyse digitale utfordringar. Her snakkar me om anskaffingar av nye system, vidareutvikling av eksisterande system, integrasjonar samt bruk og analyse av data – med mål om å:

  • effektivisere prosessar
  • predikere vedlikehald og investeringsbehov
  • proaktivt handtere feil i nettet
  • oppnå ein betre utnytting av nettet samtidig som ein legg til rette for ny produksjon og elektrifisering

Kvalifikasjonskrav

  • Minimum bachelor eller mastergrad innan elkraft/elektrofag eller anna relevant utdanning som gjer deg i stand til å arbeide i grensesnittet mellom elektro og IT.
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter fullført studie (Felles krav til alle som søkjer Trainee via Framtidsfylket)
  • Norsk som arbeidsspråk – munnleg og skriftleg (Felles krav til alle som søkjer Trainee via Framtidsfylket)

Om deg

For å bidra optimalt bør du ha elektrokompetanse slik at du forstår straumnettet, elektrofagfolka og dermed kan bidra inn mot eit tverrfagleg team beståande av t.d. kollegaer med IT kompetanse. Videre må du ha interesse innan datateknologi/databehandling/programvare/programmering anten sjølvlært eller med fordel gjennom utdanning.

Vi tilbyr

  • Ei spennande stilling på ein arbeidsplass som er viktig for det grøne skiftet, samtidig som den er ein viktig regional drivkraft i Sogn.
  • Opplæring, kurs og stort potensiale for eigenutvikling.
  • Ein travel arbeidsplass med stor aktivitet, store satsingar og gode kollegaer i eit sosialt produktivt miljø.
  • Kontorstad på ein av våre lokasjonar i Sygnir

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Ta kontakt med seksjonsleiar nettstyring John Kroken på tlf. 907 66 994 dersom du har spørsmål til stillinga. Me ynskjer betre kjønnsbalanse i konsernet og oppfordrar generelt kvinner til å søkje.

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2022 til august 2023.

Send søknad til jobb@sygnir.no innan 30. mai

Dato 31.01.2022

Footer

X

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.