Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.
Straumnettet er grunnlaget for elektrifiseringa – bli med!

Straumnettet er grunnlaget for elektrifiseringa – bli med!

Vi søkjer dyktig overmontør/leiar montørbasen Vik og Balestrand 

Sygnir AS er eit nettselskap og ein del av Sognekraftkonsernet. Sygnir AS byggjer, driftar og forvaltar selskapet sitt regional -og distribusjonsnett på 3 000 km og eit omfattande fibernett innanfor konsesjonsområdet avgrensa av kommunane Vik, Sogndal, Lærdal og Aurland. Sygnir AS har om lag 80 tilsette. Nettselskapet Sygnir skal drifte og utvikle straumnettet for sikker forsyning til innbyggjarar og næringsliv i Sogn.  

Før vår overmontør/leiar på montørbasen Vik og Balestrand blir pensjonist, ønskjer vi å rekruttere ny for overlapping. Leiar har ansvar for montørane i Vik og Balestrand og er ein del av montasjegruppa i Sygnir. Vik og Balestrand har felles overmontør, ti energimontørar og tre lærlingar.  

Stillinga er i seksjon for nettmontasje som omfattar montørbasane Sogndal, Vik og Balestrand, Aurland og Lærdal. Du vil samarbeide med leiar for nettmontasje, prosjektingeniørane og dei andre montørbasane for drift og bygging av nye linjer og nettanlegg.   

Arbeidsoppgåver 

  • Drifts- og budsjettansvar  på montørbasen
  • Planleggje prosjekt- og driftsoppgåver  
  • Personalansvar for montørane og lærlingar 
  • Fordele arbeidsoppgåver mellom montørlaga  
  • Rettleie og vere førebilete for lærlingane  
  • Kan bli pålagt å delta i vaktordninga 

 Din erfaring 

  • Fagbrev energimontør og gjerne teknisk fagskule 
  • Brei erfaring frå relevant arbeid 
  • God IT kompetanse og nyttar digitale verktøy aktivt 
  • Førarkort kl. B, gjerne kl. C  
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg  

 Om deg 

  • Gode leiar-, kommunikasjons -og samarbeidsevner 
  • Du utfører arbeidet med fagleg dyktigheit og er ein problemløysar 
  • Er sjølvstendig, tek ansvar og samarbeidar for gode løysingar 
  • Tek HMS på alvor og skapar ein trygg og sikker arbeidskvardag  

Som overmontør i Sygnir vil du få engasjerte og kjekke kollegar, og faglege utfordringar i eit framtidsretta selskap med viktige og interessante oppgåver.  

Oppmøte og kontor på montørbasen i Vik. 

Me ønskjer betre kjønnsbalanse i konsernet og oppfordrar generelt kvinner til å søkje. Send gjerne søknad med ein gong. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn fortløpande til intervju så snart vi har motteke søknaden. 

Ta kontakt med seksjonsleiar nettmontasje Daniel Meisterplass på tlf. 908 27 356 om du har spørsmål. 

Send søknad og CV til jobb@sygnir.no innan 6. februar 2022.  

Dato 14.01.2022

Footer

X

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.