Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.
Sognekraft sitt nettselskap vert SYGNIR AS

Sognekraft sitt nettselskap vert SYGNIR AS

Sygnir vert det nye namnet på selskapet som omfattar dagens nettverksemd i Sognekraft.
Sygnir fortel kven og kvar vi er, seier Terje Bakke Nævdal, administrerande direktør i Sognekraft.

Energilova krev at nettverksemda vert skilt ut som eit eige selskap, og det nye regelverket for splitt av merkevare medfører at logo og namn på nettselskapa ikkje skal kunne forvekslast med dei konkurranseutsette selskapa i kraftverksemdene.

Sygnir er den norrøne nemninga på oss sogningar. Sygnir kjem frå Sygnafylket, bygdene og fjordstrøka kring Sognefjorden, det vi i dag kallar sogneregionen.

Slik er Sygnir rotfesta i historien og tradisjonen vår, noko vi er svært stolte over. Det utstrålar kraft og styrke. Det er også noko ekte, og er ikkje oppkonstruert av meir eller mindre tilfeldige bokstavar, seier Bakke Nævdal.

Namnevalet Sygnir kom etter ein omfattande prosess med intern namnekonkurranse.

Eg er veldig glad for at vi har funne eit namn dei tilsette stiller seg bak. Det gjev oss både kraft og energi til å gjennomføra namneskiftet på ein god måte, seier Bakke Nævdal.

Namneendringa på denne delen av Sognekraft skal finna stad i 2021, men nettselskapet Sygnir skal også i framtida vera ein del av Sognekraftkonsernet.

Kundane vil ikkje merka namneendringa på annan måte enn at dei etter kvart vil sjå logoen og namnet Sygnir på fakturaen, omprofilering av arbeidsklede, arbeidsbilar og ulike bygg som tilhøyrer nettdelen av dagens Sognekraft.

Dato 02.10.2020

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.