Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Sognekraft reduserer nettleiga

Sognekraft reduserer nettleiga frå og med 1. oktober. For deg som næringskunde tilsvarar dette 16 prosent prisreduksjon på energileddet i nettleiga.

Det er i første rekkje god og kostnadseffektiv drift som gjer at Sognekraft no kan redusera energileddet i nettleiga, dette trass svært store investeringar i nye nettanlegg og omfattande utbetringar av linjenettet vårt dei seinare åra. God og kostnadseffektiv drift, med svært god forsyningstryggleik, er hovudårsaka til at vi no kan gje deg som kunde denne gladmeldinga.

Nettleigedelen på straumfatkturaen er den delen straumkundane likar minst, forståeleg nok. Det er ei avgift som råkar svært ulikt, alt etter kvar ein held til i landet. Enkelt forklart er det slik at dei som bur og driv næring i store byar og folketette område, slepp unna med låg nettleige fordi nettkostnaden vert delt på mange innanfor eit lite geografisk område. Vi som bur ute i distrikta, med store avstandar, spreidd busetnad og eit linjenett som skal forsera bratt og utfordrande natur, har færre å dela kostnadene på og må difor betala mykje meir. Slik har dei folkevalde på Stortinget bestemt at det skal vera, sjølv om det meste av krafta vert produsert ute i distrikta.

Ny pris på  energileddet på Tariff OT4 Verksemder, offentlege kontor m.v. med hovudsikring inntil 125A/72A (230V/400V):

  • Energiledd øre/kWh 19,75
  • Fastledd kr/år 3 152,-

For ytterlegare informasjon om nettleige og andre prisar, sjå https://nett.sognekraft.no/kundesenter/prisar-og-avgifter/

Dato 28.09.2019

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.