Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.
Saman i regionalt nettselskap

Saman i regionalt nettselskap

Aurland Energiverk, Lærdal Energi og Sognekraft sler saman nettselskapa sine til Sygnir og fiberaktiviteten til Sognekraft Fiber. Det nye nettselskapet får om lag 80 tilsette og har store ambisjonar for vekst og utvikling i Sogn.

 

Nettselskapet Sygnir skal drifta og utvikla straumnettet i kommunane Vik, Sogndal, Lærdal og Aurland. Hovudkontoret vert i Vik, men Sygnir skal ha ein desentralisert struktur med kontor, basar og aktivitet i alle kommunane. Det nye selskapet Sognekraft Fiber får hovudkontor i Lærdal.

– Store samfunnsendringar og stadig større krav til nettselskapa gjer det naturleg med ei slik samanslåing. Saman styrkar vi konkurranseevna vår, og slik greier vi å halda nettleiga så låg som mogleg, seier Terje Bakke Nævdal, administrerande direktør i Sognekraft.

Han er, saman med Ørjan Bøyum, dagleg leiar Lærdal Energi, og Helge Morten Vangen, everksjef Aurland Energiverk, veldig glad for at dei tre selskapa har funne saman og no inngår giftarmål.

– Nettselskapet Sygnir skal vera ein viktig og tydeleg utviklingsaktør i regionen, seier Bakke Nævdal.

– Gjennom ein stor og sterk organisasjon sikrar vi god kompetanse for framtidig utvikling, og vi vert ein attraktiv arbeidsgjevar, seier Helge Morten Vangen.

– Slik møter vi framtida på ein god og offensiv måte, seier Ørjan Bøyum. Han vert leiar i selskapet SEV AS, eit nyskipa selskap eigd av Aurland Energiverk og Lærdal Energi, som skal levera tenester til eigne selskap og Sygnir.

Dei tre selskapa starta dei første samtalane om samanslåing for om lag to år sidan, og har sidan hatt jamnlege møte som no altså har resultert i samanslåinga til Sygnir AS.

– Prosessen har vore lang og omfattande for å sikra eit felles mål for regionen, og for å sikra at dei tilsette vert ivaretekne. No tek vi med oss styrkane i dei tre selskapa inn i eit nytt og større, seier Bøyum, Vangen og Bakke Nævdal.

Sygnir vert mellom dei 20 største nettselskapa i landet, men når det kjem til bratt og utfordrande natur tronar Synir heilt på toppen. I 2019 gjorde NVE ei omfattande kartlegging av nettselskapa sine rammevilkår med omsyn til natur og geografi.

Her kom det klart fram at Aurland Energiverk hadde den brattaste naturen å hanskast med, med Sognekraft på ein god andreplass. Det var også dei to nettselskapa som hadde klart mest lauvskog å halda kontroll på i linjenettet sitt.

Dato 21.12.2020

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.