Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.
Prosjektleiar Nettutvikling

Prosjektleiar Nettutvikling

Straumnettet er grunnlaget for elektrifiseringa – bli med!

Sygnir AS er eit nettselskap og ein del av Sognekraftkonsernet. Sygnir AS eig, driftar og forvaltar selskapet sitt regional -og distribusjonsnett på 1900 km og eit omfattande fibernett innanfor konsesjonsområdet avgrensa av kommunane Vik, Sogndal, Lærdal og Aurland. Selskapet har om lag 80 tilsette.

Vi har for tida høg aktivitet med nettutviklingsprosjekt på regional- og distribusjonsnettnivå, som er grunnlaget for framtidig smart infrastruktur i Sogn. Vi søkjer ingeniør elkraft som skal leie nettutviklingsprosjekt for spenningar frå 22 kV opp til 132 kV innanfor anleggstypane stasjonsanlegg, kraftliner, vern og hjelpesystem. Som ein av 12 prosjektleiarar i seksjon Nettutvikling, vil du vere med i eit dynamisk team og utvikle smart nettinfrastruktur  som digitaliserer og elektrifiserer Norge.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for prosjekt i regional -og distribusjonsnett frå start til ferdig leveranse. Planlegging, prosjektleiing og prosjektstyring av nettprosjekt.
  • HMS-ansvar og oppfølging av lovpålagte kompetansekrav.
  • Skape godt forhold mellom partnarar/kundar og Sygnir.

Ønska kvalifikasjonar og eigenskapar

Vi søkjer ny kollega som er open for ny teknologi og ønskjer å vere med å utvikle Sygnir. Du likar travel kvardag med ansvar og krav til samarbeid. Du er trygg til å vere med å utvikle dataverktøy for å auke intern effektivitet. Du ønskjer å levere på kundane sine krav, har høg fagleg integritet og open for nye løysingar.

Rett kandidat har

  • Elkraftingeniør med minimum bachelor elkraft, gjerne master elkraft
  • Like å jobbe strukturert og målretta
  • Trivast med å jobbe sjølvstendig og i team
  • Løysningsorientert og motivert for ein travel kvardag
  • Nyutdanna vil vere aktuelle kandidatar, men gjerne med nokre års prosjektleiarerfaring frå nettutviklingsprosjekt
  • Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg

Sygnir kan tilby

  • Spanande utfordringar innanfor eit stort ansvarsområde med handlingsrom
  • Fagansvar i eit dynamisk, kompetansesterkt, inspirerande og uformelt arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktige løns- og forsikringsvilkår

Kontorstad fortrinnsvis i Vik, men Sogndal, Aurland eller Lærdal kan vurderast.

Både nyutdanna og erfarne vert oppfordra til å søkje. Vi ønskjer særleg  kvinnelege søkjarar.

For meir informasjon ta kontakt med seksjonsleiar Helge Morten Vangen på tlf. 951 72 599

Send søknad og CV til jobb@sygnir.no innan 14. juni 2021. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn fortløpande til intervju.

Dato 26.05.2021

Footer

X
Du er no inne på nettstaden til nett-delen av konsernet Sognekraft.
OK

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.