Straumnettet er grunnlaget for elektrifiseringa – bli med!
Vi har for tida høg aktivitet med nettutviklingsprosjekt på regional- og distribusjonsnettnivå, som er grunnlaget for framtidig smart infrastruktur i Sogn. Vi søkjer ingeniør elkraft som skal leie nettutviklingsprosjekt for spenningar innanfor anleggstypane kabelanlegg, kraftliner og nettstasjonar. Som ein av 12 prosjektleiarar i seksjon Nettutvikling, vil du vere med i eit dynamisk team og utvikle smart nettinfrastruktur som digitaliserer og elektrifiserer Norge.
Arbeidsoppgåver
-
Ansvar for prosjekt i distribusjonsnett frå start til ferdig leveranse. Planlegging, prosjektleiing og prosjektstyring av nettprosjekt.
-
HMS-ansvar og oppfølging av lovpålagte kompetansekrav.
-
Skape godt forhold mellom partnarar/kundar og Sygnir.
Ønska kvalifikasjonar
-
Elkraftingeniør med minimum bachelor elkraft eller fagskoleingeniør elkraft med fagbrev
-
Nyutdanna vil vere aktuelle kandidatar, men gjerne med nokre års prosjektleiarerfaring frå nettutviklingsprosjekt i distribusjonsnett
-
Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
-
Er open for ny teknologi og ønskjer å vere med å utvikle Sygnir og trygg til å vere med å utvikle dataverktøy for å auke intern effektivitet.
-
Likar travel kvardag med ansvar og krav til samarbeid.
Sygnir AS er eit nettselskap og ein del av Sognekraftkonsernet. Sygnir AS eig, driftar og forvaltar selskapet sitt regional -og distribusjonsnett på 2800 km og eit omfattande fibernett innanfor konsesjonsområdet avgrensa av kommunane Vik, Sogndal, Lærdal og Aurland. Selskapet har om lag 80 tilsette.
Stad: Kontorstad fortrinnsvis i Sogndal, men Lærdal, Aurland eller Vik kan vurderast.
For meir informasjon ta kontakt med avdelingsleiar Vidar Øvretun tlf. 917 08 418
Vi ynskjer betre kjønnsbalanse i konsernet og oppfordrar generelt kvinner til å søkje.
Korleis søkje: Send søknad og CV til jobb@sygnir.no så snart som råd eller innan frist.
Søknadsfrist: 15. august 2022.