Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.
Prosjektingeniør – regionalnett/transformatorstasjonar

Prosjektingeniør – regionalnett/transformatorstasjonar

Utvikle det framtidige straumnettet!

Sognekraft produserer, overfører og sel energi. Selskapet eig og driv vasskraft med ein årleg produksjon på vel 570 GWh, samt eit fjordenergianlegg. Vidare eig, driftar og forvaltar selskapet regional –og distribusjonsnett på 1900 km og eit omfattande fibernett innanfor konsesjonsområdet avgrensa av kommunane Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal og Frønningen i Lærdal kommune.

Vi har for tida høg aktivitet med store nettutbyggingsprosjekt på regional- og distribusjonsnettnivå, som vil danne grunnlaget for framtidig smart infrastruktur i Sogn. Dette omfattar mellom anna elektrifisering av ferjer, tilknyting av datasentre og fornybar kraft. Vi søkjer ingeniør elkraft med kompetanse på transformatorstasjonar på regionalnettnivå til avdeling for nettutvikling.

OPPGÅVER OG ANSVAR

  • Prosjektleiing, prosjektstyring og planlegging av nettprosjekt for regional –og distribusjonsnett med fokus på transformatorstasjonar
  • Utarbeide planar for stasjonsanlegg
  • Ansvar for innkjøp og kontraktar for komponentar i stasjonsanlegg, t.d. apparatanlegg/brytarar, kontrollanlegg og transformatorar

KVALIFIKASJONAR

  • Elkraftkompetanse på nivå master/sivilingeniør eller liknande
  • Erfaring og kompetanse innanfor utvikling og prosjektering av høgspent nettanlegg med fokus på transformatorstasjonar

PERSONLEGE EIGENSKAPAR

  • Jobbar for god kvalitet og godt resultat
  • Løysningsorientert og motivert for ein travel kvardag
  • Gode kommunikasjons -og samarbeidsevner

VI TILBYR

  • Spennande utfordringar
  • Eit kompetansesterkt, inspirerande og uformelt arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktige løn- og forsikringsvilkår

Kontorstad i Vik eller Sogndal.

For meir informasjon ta kontakt med nettsjef Stian Frøiland på tlf. 459 70 616

Send søknad og CV til post@sognekraft.no innan 12. mars 2018

Dato 13.02.2018

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.