Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.
Planlegging, drift og vedlikehald kraftproduksjon

Planlegging, drift og vedlikehald kraftproduksjon

Sognekraft er i sterk utvikling og har for tida store utbyggingsprosjekt innan ny vasskraft og straumførande anlegg.

Til drift- og vedlikehald av kraftproduksjon søkjer Sognekraft engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar med god innsikt i planlegging og vedlikehaldsarbeid. Stillingane er i drift- og vedlikehaldsgruppa.

Vi søkjer medarbeidarar som har  utdanning og erfaring innan maskin, automasjon og/eller elkraft, gjerne erfaring frå drift- og vedlikehaldsarbeid i vasskraftverk og varmeanlegg basert på vatn, samt god forståing for HMS.

Vi tilbyr varierte og interessante arbeidsoppgåver i eit triveleg og kompetansesterkt miljø, med konkurransedyktige løn- og forsikringsvilkår.

Send søknad til jobb@nett.sognekraft.no

Ta kontakt med drift- og vedlikehaldsleiar Gaute Flugheim på tlf. 994 49 577 om du har spørsmål.

Dato 12.02.2018

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.