Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.
Nettanlegg

Nettanlegg

Det norske straumnettet

Det norske straumnettet vert delt i tre nivå, sentralnettet, regionalnettet og det lokale distribusjonsnettet.

Sentralnettet er hovudnettet i kraftsystemet. Dette nettet binder saman produsentar og forbrukarar i ulike deler av landet med kvar andre. Dette nettet omfattar også overføringslinjer mot utlandet. Statnett har ansvar for å utvikla, eiga og drifta sentralnettet.

Regionalnettet er bindeleddet mellom sentralnettet og det lokale distribusjonsnettet. I Sognekraft sitt forsyningsområdet er vi kopla til sentralnettet i Hove og Leirdøla. Regionalnettet er tilkopla distribusjonsnettet i sekundærstasjonane våre.

Det lokale distribusjonsnettet forsyner kundane våre med straum og tek imot straum frå småkraftverka.

 

Utbyggingsplanar

Selskapet planlegg fleire nye kraftstasjonar som fører til auka utbygging av nettanlegg. For tida har vi følgjande utbyggingsplanar:

Småkraftutbygging i Fjærland
Det er søkt konsesjon om utbygging av 5 småkraftverk lokalisert langs med Fjærlandsfjorden. Produksjonen er på ca 120 GWh/ 30 MW. Det skal byggjast eit omfattande 22 kV nett både som jordkabel og sjøkabel for å transportere småkraftproduksjonen til Fjærlandsfjorden transformatorstasjon. I denne stasjonen vert det plassert trafo for opptransformering til 132 kV og 1 stk 132 kV avgang mot utgåande linje. Det vil vidare verta plassert 5-6 avgangar på 22 kV. Det skal byggjast ca 14 km 132 kV luftleidning mellom Fjærlandsfjorden transformatorstasjon og Grindsdalen transformatorstasjon.

Grindsdalen transformatorstasjon
Sognekraft har fått konsesjon for bygging av Grindsdalen transformatorstasjon. Stasjonen vil få 6 avgangar på 132 kV og 3-4 avgangar på 22 kV. Sognekraft har også fått konsesjon for bygging av Fjærlandsfjorden transformatorstasjon og 132 kV overføringsanlegg mellom desse stasjonane. Grindsdalen transformatorstasjon vil erstatte Njøs transformatorstasjon som innmatingspunkt til Leikanger kommune. Framdriftsplanen for denne utbygginga har september 2017 som tidspunkt for idriftsetjing.

Ombygging av 132 kV kraftleidning Fardal – Mel
Statnett har fått konsesjon for ombygging av denne linja i området ved Grindsdalen. Dette for å sløyfe kraftlinja inn mot Grindsdalen transformatorstasjon.

Sogndal transformatorstasjon
Sognekraft er for det meste ferdig med bygging av Sogndal transformatorstasjon. Stasjonen er samlokalisert med Statnett sin nye transformatorstasjon i Sogndal og etter oppsett framdriftsplan vert stasjonen sett i drift i september 2015. Med denne investeringa får ein to-sidig innmating mot regionalnettet på nordsida av Sognefjorden.

Investeringane i Grindsdalen- og Sogndal transformatorstasjon opnar opp for reduserte overføringstap og betra leveringstryggleik og for straumkundane på nordsida av Sognefjorden.

Feios kraftverk
Det er søkt konsesjon for utbygging av Feios kraftverk ( 30 MW/100 GWh). I samband med denne utbygginga er det søkt om konsesjon for bygging av transformatorstasjon i Feios og bygging av overføringsanlegg med spenning 132 kV mellom Feios transformatorstasjon og Hove transformatorstasjon. Kraftproduksjonen skal leverast inn på sentralnettet i Refsdal. Det er søkt om konsesjon for utviding av Refsdal transformatorstasjon med ny transformator mot sentralnettet og ny transformator for reserveinnmating til forbruksnettet i Vik kommune.

NVE si tilråding til OED om konsesjon for overføringsanlegget med ny transformatorstasjon i Feios og i Refsdal, samt bygging av ein 132 kV leidning mellom Feios og Hove finn du her.

Småkraftutbygging i Balestrand Sognekraft har bygt ny 22 kV luftleidning på strekninga mellom Balestrand og Kvamsøy – ei strekning på om lag 11 km. Denne linja har overføringskapasitet til å ta imot innmating frå 3 småkraftverk på strekninga mellom Kvamsøy og Brattland. På denne strekninga er også alle nettstasjonar fornya.

Kraftutbygging i Nessane, Lånefjorden og Måren For å få denne produksjonen inn på sentralnettet, må det byggjast nettanlegg mellom desse produksjonsstadane og transformatorstasjonen i Høyanger. Dette medfører bygging av ca 30 km 22 kV anlegg, diverse effektbrytarar på 22 kV og trafo 22/132 kV i Høyanger transformatorstasjon.

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.