Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.
Om oss

Om oss

Sognekraft skapar aktivitet som gir arbeidsplassar og lønsemd til gode for eigarar og samfunn. Dette er i tråd med selskapet sin visjon om å vere drivkraft i Sogn.

Sognekraft vart skipa 14. mars 1947 av kommunar og kraftlag i midtre og indre Sogn, for å betre kraftforsyninga til innbyggjarar og næringsliv i bygdene i Sogn. I dag har Sognekraft nær 80 tilsette og har si hovudverksemd i produksjon, distribusjon og sal av kraft. Sognekraft har konsesjon for straumnettet i kommunane Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal og Frønningen i Lærdal kommune. Selskapet eig og driftar vasskraftverk med ein årleg produksjon på kring 550 GWh.

Sognekraft sitt hovudkontor er i Vik i Sogn, med lokale avdelingar i Sogndal og Balestrand.

Sognekraft har som ambisjon å vekse innan produksjon av fornybar energi og har konkrete planar om fleire store utbyggingsprosjekt i regionen dei komande åra. Sognekraft er og skal vere drivkraft i Sogn.

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.