Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.
Ny nettleige frå 1. januar

Ny nettleige frå 1. januar

Stortinget har bestemt at alle straumkundar i Norge får ny tariffmodell for nettleige frå 1. januar 2022.

Målet med endringa er å få nettkundane til å kutta toppane i forbruket og utnytta kapasiteten i straumnettet betre. Då sparar nettkunden pengar, samfunnet sparar pengar og miljøet blir meir skåna.

Du som bur i Sogn er nettkunde hjå Sygnir, det nye samanslegne nettselskapet frå nettverksemdene til Aurland Energiverk, Lærdal Energi og Sognekraft. Me får krafta heim til deg.

No tek me kontakt med deg, for å fortelja noko viktig: Nettleiga di vert endra frå 1. januar 2022. Dette har nasjonale styresmakter bestemt, for at me alle skal bruka straumnettet smartare. Betre og jamnare bruk av straumnettet reduserer behovet for kostbare nettutbyggingar, og sparar dermed nettkundane for pengar.

Kort fortalt kan du spara pengar ved å passa på at du ikkje brukar veldig mykje straum samstundes, altså i same time. For eksempel bør du ikkje lada elbilen samstundes som du lagar middag og tek klesvasken.

Sygnir skal ikkje tene pengar på omlegginga til ny tariffmodell for nettleige, og straumforbrukarane skal samla sett ikkje betala meir enn før. Men kundar som brukar straum smartare og jamnare vil kunna spara pengar, medan kundar som ikkje tilpassar samtidig og høgt straumforbruk risikerer å måtte betala noko meir. Dermed vert kostnadsfordelinga meir rettvis – kundar som brukar meir nettkapasitet (samtidig høgt straumforbruk i same time) må betale meir enn kundar som brukar lite nettkapasitet.

Me skal i tida som kjem bidra med informasjon, tips og råd om korleis du kan tilpassa deg ny nettleige. For dei fleste blir ikkje endringane store, men det skal løna seg å jamna ut forbruket sitt.

Dato 22.11.2021

Footer

X

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.