Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Tryggleik og personvern

Du kan stola på den nye straummålaren

Du kan vera trygg på at informasjonen om straumforbruket ditt ikkje vert misbrukt.

I media har det vore ein del spekulasjonar om montering av dei nye automatiske straummålarane, og Datatilsynet har mellom anna åtvara mot at dei nye målarane kan registrera informasjon som kan gje andre innsyn i privatlivet ditt.

Nettselskapa er underlagt dei same strenge reglane som bankane når det gjeld personvern og datatryggleik. All informasjon vert sendt ved bruk av unike krypteringsnøklar og ingen utanforståande har tilgang til datamaterialet, med mindre du som kunde gjev fullmakt til dette. Datatilsynet har sjølv bidrege til tryggleiksrettleiaren for nye målarar.

Sognekraft vil bruka informasjonen kun til å gje deg som kunde korrekt faktura, og til drift og vedlikehald av straumnettet. Nettselskapa er underlagt dei same strenge reglane som bankane når det gjeld personvern og datatryggleik.

Informasjonen frå dei nye automatiske målarane seier ikkje noko om kva slags apparat eller teknologi starumen er brukt til, berre kor mykje straum som er brukt når. Straumselskapa har verken lov eller teknologi til å registrera forbruk på eit slikt detaljnivå at det fortel kva straumen vert brukt til.

Fordelene med dei nye målarane er kort fortalt:

  • Du slepp å lesa av straummålaren, samstundes som du får betre oversyn over forbruket.
  • Straumbrot vert automatisk varsla til nettselskapet og kan difor rettast raskare.
  • Nye målarar opnar for tilleggstenester som gjer det enklare å styra straumforbruket.

 

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.