Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Spørsmål og svar

Ein automatisk straummålar er ein digital målar som registrerer straumforbruket ditt og sender resultatet til nettselskapet automatisk, du slepp å lese av målaren sjølv. Her er ein video som forklarer kva ein automatisk straummålar er og korleis den fungerer.

Sjå video her

 

Spørsmål og svar

  • Kva er ein automatisk straummålar?

Ein automatisk straummålar er ein digital målar som registrerer straumforbruket ditt og sender resultatet til nettselskapet automatisk, du slepp å lese av målaren sjølv. Det er ein boks som erstattar straummålaren du har i dag.


  • Kva kan ein automatisk straummålar gjere?

Målaren registrerer straumforbruket ditt kvar time og sender informasjonen til nettselskapet. Det sikrar at straumforbruket ditt blir rett målt. Målaren gjer det mogleg å lokalisere straumbrot hos deg, slik at vi får retta feilen raskare. I tillegg blir det lettare å følgje med på straumforbruket, og dermed blir det enklare å spare straum. Dersom du ønskjer det, kan målaren koplast opp mot energistyringssystem, som til dømes regulerer varmen og styrer trykkvarmaren. Du bestemmer sjølv om du ønskjer å ta i bruk energistyring, og kan fritt velje leverandør av denne typen tilleggsutstyr.


  • Kven får ny automatisk straummålar?

Alle nettkundar, private hushald, fritidshus/hytter, burettslag, bedriftskundar og offentlege institusjonar i Noreg får ny automatisk straummålar innan 1. januar 2019.


  • Kvifor får eg ny straummålar?

Straumnettet i Noreg skal moderniserast, og nye automatiske straummålarar er eit viktig element når infrastrukturen skal utviklast. Med automatiske straummålarar får Noreg eit sikrare og meir fleksibelt straumnett, og behovet for å byggje ut nettet i framtida blir redusert.


  • Kven har bestemt at nettkundane skal få nye automatiske straummålarar?

Det er myndigheitene som har bestemt at alle straummålarane skal bytast ut med nye automatiske straummålarar. Dette er den største moderniseringa av straumnettet i Noreg på over 100 år.


  • Når kan eg få ny automatisk straummålar?

Du får ny straummålar innan 1. januar 2019. Detaljert oversikt for dei ulike montasjeområda vil liggje føre på eit seinare tidspunkt. Du får informasjon i god tid før vi kjem og byter målaren din.


  • Kva må eg gjere for å få ny straummålar?

Du får informasjon frå nettselskapet ditt i god tid før målaren din skal bytast. Det einaste du må gjere, er å vere heime når montøren kjem for å installere den nye målaren.


  • Må eg byte målar?

Myndigheitene har bestemt at alle nettkundar skal få nye automatiske straummålarar. Det har fleire fordelar for deg som kunde.

  • Det er enklare for deg, for du slepp å lese av straumen.
  • Det er tryggare for deg, for nettselskapet får betre informasjon ved straumbrot og kan rette feil raskare.
  • Du får betre og meir detaljert oversikt over straumforbruket ditt.
  • Målaren registrerer kontinuerleg straumforbruket ditt og kan om ønskjeleg koplast opp mot energistyringssystem. Du står fritt til å velje leverandør av denne typen tilleggsutstyr.

  • Er det plass til den nye målaren i sikringsskapet mitt?

Dei fleste har plass til den nye målaren i sikringsskapet. Ved plassmangel vil montøren finne ei alternativ løysing. Det kjem ikkje til å koste deg noko ekstra.


  • Må eg betale for den nye målaren og for å få installert han?

Du får ingen faktura for installasjon av den nye automatiske straummålaren. Denne oppgraderinga er ein del av det du betaler for gjennom nettleiga, på same måte som anna utbygging og vedlikehald av straumnettet.


  • Er det fare for at uvedkommande kan få tilgang til måleverdiane frå dei automatiske straummålarane?

Faren for at uvedkommande skal «hacke» seg inn på systemet ved automatisk målaravlesing, er ikkje større enn risikoen for at nokon skal ta seg ulovleg inn i nettbanken din. Saman med myndigheitene skal vi sørgje for å sikre utstyret best mogleg mot «cyberangrep» og misbruk av personvernet. Her vil vi leggje stor vekt på råda frå Datatilsynet. Vi følgjer utviklinga nøye og skal sjå til at datatryggleiken er best mogleg vareteken i det nye systemet.


  • Eg er redd for stråling, medfører den nye automatiske straummålaren strålefare?

Den automatiske straummålaren med tilhøyrande kommunikasjonsutstyr ligg innanfor fastsette grenseverdiar for stråling og tilfredsstiller alle offentlege krav. Du finn informasjon om strålefare på nettsidene til Statens strålevern.


  • Eg har allereie ein automatisk straummålar, må eg byte målar?

Nokre få av kundane våre har automatiske straummålarar. Dei nye målarane har ein meir avansert teknologi og vil erstatte eldre målarar. Difor får alle nye målarar.


  • Kven skal produserer dei nye automatiske straummålarane?

Nuri er hovudleverandør av systemløysinga, Kaifa er underleverandør og leverer dei nye målarane.


  • Kven skal montere dei nye målarane?

Nettselskapet leiger inn personell som skal montere målarane, og Eltel Networks AS er valt som montasjeleverandør. Du får informasjon om kven som skal montere automatisk straummålar hos deg, i god tid før målarbytet.


  • Kva betyr AMS?

Dei nye straummålarane blir av og til kalla AMS. AMS er ei forkorting for avanserte måle- og styringssystem. I kundekommunikasjonen vår bruker vi utrykket automatiske straummålarar.


  • Kva må eg som kunde bidra med for at de skal få kontakt med meg?

For at vi skal kunne nå deg med viktig informasjon og kunne avtale tidspunkt for å byte straummålar hos deg, er det svært viktig at vi har rett telefonnummer, mobilnummer og e-postadresse.


  • Korleis vil de overføre målardata?

Det er ein radiosendar i målaren som sender verdiar til mottakarar hos nettselskapa på fastsette tidspunkt. Dei fleste målarane vil sende på radiofrekvensar som er avsette til dette. I nokre område vil vi bruke mobilnettet.


  • Eg har gamle skrusikringar. Må eg byte til automatsikringar for å få automatisk straummålar, eller bytar nettselskapet til automatsikringar når dei bytar målar?

Nettselskapet byter berre straummålaren. Sikringstypen (automatsikring eller skrusikring) har ikkje noko å seie for byting av målaren.

Sikringane er ein del av det interne elektriske anlegget i bustaden og kunden sin eigendom. Viss kunden ønsker å byte til automatsikringar, må han/ho ta kontakt med ein elektrikar og koste byte til automatsikringar sjølv, men som sagt er det ikkje naudsynt å byte sikringar for å få automatisk straummålar.


  • Lading av elbil. Kan signala frå den automatiske straummålaren vår hindre lading av elbil?

Det har vore rapportert om ladeproblem knytte til automatiske straummålarar med PLC-kommunikasjon (Power Line Communication). Med denne kommunikasjonsløysinga blir målarverdiar sende som datasignal over straumnettet, frå husstandane til nettselskapet.

Systemet vårt kommuniserer derimot ved bruk av radiobølgjer i lufta. Desse radiosignala vil difor ikkje påverke funksjonane til apparat ein koplar til straumnettet til huset, til dømes lading av elbil.

Hugs likevel at enkelte kundar kan ha installert eige utstyr som sender datasignal over straumnettet, til dømes nettverksforlengarar som blir kopla i stikkontakt. Dette utstyret er fullt lovleg, men kan i verste fall skape forstyrringar som påverkar funksjonaliteten til elektriske apparat. Slike problem er heilt uavhengige av automatiske straummålarar.

 

Gå inn på Din kundekonto for å kontrollere og oppdatere desse opplysningane.

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.