Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.
Automatisk straummålar

Automatisk straummålar

Det er sentrale styresmakter (NVE) som har bestemt at alle straummålarane skal skiftast innan 2019. Ingen kan få fritak frå  å skifte til AMS målar. Fritak frå kommunikasjonsdelen i målaren krever gyldig lege-erklæring. Du vil i dei tilfellene måtte betale gebyr for manuell avlesning m.m. til nettselskapet frå då målaren vart montert utan kommunikasjon.

Bakgrunnen for avgjerda om overgang til AMS er at straumnettet i Noreg skal moderniserast, og at nye straummålarar er avgjerande for utviklinga av ny infrastruktur. Med innføring av automatiske straummålarar får Noreg eit sikrare og meir fleksibelt straumnett, og behovet for å byggja ut straumnettet i framtida blir redusert.

For deg som kunde betyr innføringa av den nye teknologien at du får ein målar som registrerer straumforbruket ditt kvar einaste time heile døgeret og sender denne informasjonen til nettselskapet. Det sikrar at straumforbruket ditt vert heilt korrekt målt, og du slepp å lesa av målaren din sjølv. Målaren gjer det også mogleg å lokalisera feil i nettet, slik at vi som nettselskap får retta feilen raskare enn i dag.

Målaren er brukarvenleg og kunden kan lett kontrollere sitt eige forbruk, øyeblikkseffekt m.m. med nokre fåe trykk på knappen på målaren. Brukarmanual og forklaring finn du HER.

Du kan lese meir om dett på NVE sine nettsider her https://www.nve.no/stromkunde/smarte-strommalere-ams/ 

Enklare – Tryggare – Smartare

Footer

X
Du er no inne på nettstaden til nett-delen av konsernet Sognekraft.
OK

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.