Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Leveringsplikt og leverandørbyte

1Leveringsplikt – du bør skaffe deg kraftleverandør snarast

Elektrisitetsleveransen består av to delar, ein monopolregulert del (nettselskap) og ein konkurranseutsett del (kraftleverandørar). Dette inneber at kundar må inngå avtale både med det lokale nettselskapet og med ein kraftleverandør.

Inntil du har valt deg kraftleverandør er nettselskapet pliktig til å levere deg kraft på dyrare vilkår enn normalt. Denne leveransen kallast leveringsplikt og er kun meint som ei midlertidig løysing.

Prising av leveringspliktig kraftleveranse er regulert av Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) dei fyrste 6 vekene. Etter dei første 6 vekene har Sognekraft AS Nett sett prisen.

Leveringsplikt – prisar

  • Frå 0 til 6 veker: Gjennomsnittleg marknadspris (spotpris) + 6,25 øre/kWh inkl. mva i påslag
  • Etter 6 veker: Gjennomsnittleg marknadspris (spotpris) + 10 øre/kWh inkl. mva i påslag

Tariffnamnet er Ventetariff. Nettleige kjem i tillegg i begge tilfella. Fakturering i lag med nettleiga.

Leverandørbyte – korleis gjennomføre leverandørbyte

Det er kostnadsfritt og byte kraftleverandør. Nettselskapet skal leggje til rette for at kundar skal gjennomføre leverandørbyte.

Vi vil likevel anbefale deg å besøkje konkurransetilsynet sin kraftprisoversikt:www.konkurransetilsynet.no/kraftpriser. Her vil du kunne samanlikne tilbod frå dei ulike kraftleverandørane som leverer kraft i din bustadkommune.

Ta kontakt med kraftleverandør og hugs å ha følgjande opplysingar tilgjengeleg når du skal bestille: Målepunkt_ID – denne finn du på fakturaen,  og fødseldato.

Målepunkt ID

Målepunkt ID er ein felles nasjonal standard som gjer at informasjon kan overførast mellom selskap. Den skal brukast blant anna til å identifisere anlegget hvis du skal skifte kraftleverandør.

Hvis du har fleire elektriske anlegg har kvart anlegg sin unike målepunkt ID. Denne er uavhengig av om anlegget skiftar eigar eller får ny straummålar.

Meir informasjon finn du her

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.