Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Forbruksavgift

Sognekraft AS har som nettselskap ansvar for å krevje inn forbruksavgift på elektrisk kraft på vegne av Skattedirektoratet. Hushaldningar og næringskundar betalar generelt full forbruksavgift. Frå 01.01.2019 er satsen for full forbruksavgift endra frå 16,58 øre/kWh til 15,83 øre/kWh (eks. mva.). Det er verksemdene sjølve som er ansvarlege ovanfor Skattedirektoratet for å betale korrekt avgiftssats. I utgangspunktet betalar alle full forbruksavgift, men nokre verksemder kan søkje om redusert forbruksavgift eller fritak frå forbruksavgifta.

Kan mi verksemd søkje om fritak eller redusert forbruksavgift?

Vi gjev her litt informasjon og oversyn over aktuelle reglar for verksemder som ønskjer å søkje. For utfyllande informasjon viser vi til føreskrifta.

Forbruksavgifta er regulert i føreskrift av 11. desember 2001. Jfr. Forskrift om særavgift frå Toll og avgiftsdirektoratet § 3-12 og Stortinget sitt årlege avgiftsvedtak.

Redusert forbruksavgift

  • Nokre kundar kan søkje om redusert avgift på 0,50 øre/kWh (eks. mva),
    • Verksemder innanfor industri, bergverk og arbeidsmarknadsbedrifter med næringskode 5000-33200 (SN2007)
    • Fjernvarmeprodusentar, datasenter, skip i næring og bedrifter innan avfall/sortering.
  • Kva næringskode ei verksemd skal ha vert avgjort av Einingsregisteret i Brønnøysund.
  • Kunden skal skriftleg stadfeste næringshovedområdet til nettselskapet med utskrift frå Einingsregisteret som viser rett næringskode. Dokumentasjonskravet er nærare skildra i saf jf. § 3-12-10 .
  • Den reduserte satsen omfattar elektrisk kraft som vert nytta i samband med sjølve produksjonsprosessen. jf. saf § 3-12-4 til og med 3-12-9 .
  • All elektrisk kraft som vert levert til ei verksemd i eitt bygg blir belasta med redusert forbruksavgift under føresetnad av at produksjonsdelen utgjer meir enn 20% av det totale arealet.

Fritak frå forbruksavgifta

  • Forbruk på elektrisk kraft levert til verksemder i metallurgisk industri, energiattvinningsanlegg, veksthusnæringa samt mindre kraftverk er fritekne for forbruksavgift. Jf. saf.§ 3-12-11 til og med 3-12-16 .
  • Avgiftsfritaket gjeld berre for elektrisk kraft som er nytta i sjølve produksjonsprosessen.
  • Sjå dokumentasjonskravet som er skildra i saf jf. § 3-12-17 .

Fordeling av kraftforbruk (gjeld ved både redusert avgift og fritak)

  • All elektrisk kraft levert til administrasjonen i ei verksemd skal belastast med full forbruksavgift. Som administrasjonsbygg meiner ein bygg der arealet knytta til administrasjon utgjer 80 prosent eller meir av bygget sitt totale areal. All kraft som ikkje vert nytta i produksjonsprosessen vert rekna som bruk til administrasjon.
  • Fordeling av kraft levert til administrasjon og produksjon må verksemda gje opp. Ein skal gje opp fordelinga i prosent av totalforbruket.
  • Når fleire typar verksemder ligger bak same målar skal det gjerast ei fordeling på dei ulike avgiftssatsane.

Døme på produksjonsareal

Verkstadhallar, fabrikkbygg og andre produksjonshallar.

Døme på administrasjonsareal (full forbruksavgift)

Leiing, rekneskap, personalavdeling, IT-avdeling, marknadsføring, sal, distribusjon, HMS-avdeling, sentralbord, resepsjon, servicesenter, vakttenester o.l.

Døme på grensetilfelle

  • Lager som er i direkte tilknyting til produksjonen vert rekna som produksjonsareal.
  • Areal der det pågår forsking og utvikling vert ofte rekna som administrasjonsareal.
  • Kantiner og garderobeareal vert ofte rekna som administrasjonsareal.

Send oss din dokumentasjon elektronisk

Søknad sender du til Sognekraft AS ved å fylle ut eigenerklæringsskjema. Fyll ut skjema, skriv ut, signer og send til Sognekraft AS.

Eigenerklæringsskjema: Word fil / PDF fil

Eventuelle endringar som finn stad fortløpande må meldast omgåande til Sognekraft AS. Verksemder som har fått innvilga reduksjon eller fritak må også kvart år oppdatere og sende inn dokumentasjon.

 

Har du spørsmål knytta til forbruksavgift? Ta gjerne kontakt med oss på e-post: kunde@sognekraft.no eller på telefon 57 69 86 03.

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.