Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Ord og uttrykk

Kraftbransjen har mange ord og uttrykk som det kan vere vanskeleg å hugse, forstå eller bruke. Nedanfor er ein liten guide til nokre av våre kraftuttrykk.

Ynskjer du meir informasjon om energibransjen?
Besøk nettstadane til Energi Norge eller Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Abonnent
Ein kunde kan ha fleire abonnement. Nemninga kunde (kraftkunde og/eller nettkunde) erstattar den tidlegare nemninga abonnent.

Alminneleg forbruk
Forbruk av elektrisk energi i hushaldning, jordbruk, vanlege bedrifter etc. Det vil sei alt forbruk utanom kraftintensiv industri.

Bioenergi
Utnytting av organisk materiale til energiproduksjon.

Brutto kraftforbruk
Kraftforbruk målt ved kraftstasjon. Omfattar kraftforbruket målt hos forbrukarane pluss tap i leidningane og ved transformering.

Distribusjonsnett
Kabel- og luftleidningsnettet som vert nytta for transport av elektrisk kraft frå regionalnett til sluttbrukar (kunde, forbrukar). Nettet sitt spenningsnivå er 22 kV (22000 V) eller lågare. Distribusjonsnettet blir også kalla fordelingsnett eller lokalnett.

Effekt
Energi eller utført arbeid per tidseining. Elektrisk effekt er i hovudsak gitt av straum og spenning. For berekning av effekt må ein i tillegg også vite kor mange fasar som er brukt (ein eller tre) og om det er forskyving mellom straumen og spenningen (dette skjer ved tilkopling av visse typar utstyr, men det er lite aktuelt hos ein vanleg forbrukar).

Elektrisk frekvens
Det tall svingingar vekselstraumen gjennomfører per sekund, vanlegvis 50 hertz (Hz).

Energi
Evne til å utføre arbeid, det vil sei produktet av effekt og tid. Elektrisk energi vert ofte oppgjeve i kilowattimar (kWh). 1 kWh=1000 watt brukt i en time.

Energibærar
Energi som har fått ei slik form at den egnar seg for distribusjon og bruk hos forbrukar. Det er for eksempel elektrisitet, gass, fyringsolje, bensin.

Energilova
Noreg fekk ei samla energilov med verknad frå 1. januar 1991. Denne lova medførde oppheving av heile eller deler av fleire andre lover. Dei grunnleggjande målsetjingane med energiloven er å:
• Sikre ei samfunnsøkonomisk rasjonell utnyting av kraftressursane.
• Legge til rette for ei sikker kraftforsyning.
• Utjamna prisane til forbrukarane

Energiøkonomisering
Tiltak som bidreg til ei meir samfunnsøkonomisk rasjonell handtering av energi ved både utvinning, utforming, transport og bruk.

Energiverk
Energiverk er føretak som distribuerar og/eller produserar energi i form av elektrisitet, fjernvarme, gass osv. Tidlegare blei ordet elektrisitetsverk mykje nytta om føretak som distribuerar og/eller produserar elektrisk kraft, men i dag brukar vi orda kraftselskap, energiselskap eller energikonsern. Eit energikonsern kan bestå av bl.a. produksjonsselskap, kraftleverandør og nettselskap.

Elvekraftverk
Kraftstasjon i elv der vassføringa berre i ubetydeleg grad kan verta regulert ved hjelp av magasin i tilslutning til stasjonen.

Fallhøgde
Den loddrette avstanden mellom vassivået i inntaket og avløpet for eit vasskraftverk.

Fastkraft/Fastpris
Elektrisk kraft som vert levert i medhald til kontrakt som vanlegvis gjeld for eit bestemt tidsrom.

Fossile brensler
Kol, olje og gass.

Gasskraftverk
Varmekraftverk som brukar gass som brensel.

Generator
Maskin som forvandlar mekanisk energi til elektrisk energi.

Hestekraft
Eining for effekt (hk) Tilsvarer 0,736 kW.

Hydrologi
Læra om vatnet sitt kretslaup og fordeling på landjorda. I vidare forstand omfattar hydrologi også vatnet sine fysiske og kjemiske eigenskapar.

Høgspenning
Elektrisk energi med spenning høgare enn 1000 V vekselstraum og 1500 V likestraum.

Korona
Den elektriske utladinga som omgir ein høgspentleidning og som i mørke framstår som eit blått lys som liknar eit neonlys.

Kraft
I elektrisk samanheng betyr kraft energi og/eller effekt. Vert brukt når ein ikkje treng å skilja mellom elektrisk energi og elektrisk effekt.

Kraftbalanse
Berekning for ein viss tidsperiode av balanse mellom krafttilgang og kraftbehov.

Kraftintensiv industri
Omfattar industri som produserar kjemiske råvarer, jern, stål, ferrolegeringar og ikkje-jernhaldige metall.

Kraftleverandør
Eit selskap som omset elektrisk energi. Kraftleverandøren kjøper energi på den nordiske kraftbørsen (Nord Pool) og sel energien vidare til forbrukarar og næringskundar. Forbrukarar og næringskundar kan kjøpe elektrisk kraft frå ein kvar kraftleverandør.

Kraftpris
Kraftpris er prisen på elektrisk kraft, for eksempel i øre per kilowattime (øre/kWh).

Kraftutveksling
Handel med elektrisk kraft over landegrensene. Kraftbørsen Nord Pool organiserer den kortsiktige handelen. For kontraktar lengre enn seks månader er det krav om særskilt konsesjon. For eksportavtalar av kortare lengde enn fem år, er norske produsentar tildelt kvotar på til saman 5 TWh. Det er ikkje fri import av elektrisk kraft.

Kraftverk
Anlegg for produksjon av elektrisk energi.

Konsesjon
Løyve frå offentlig mynde, for eksempel til å bygge ut vassdrag, gasskraft, vindkraft og kraftleidningar.

Konsesjonsbehandling
Offentlige mynde si vurdering av søknad om løyve til for eksempel energiselskap / kraftprodusentar om utbygging av vassdrag eller høgspenningsanlegg.

Konsesjonskraft
Kraft som vert levert i medhald til konsesjonsvilkår i medhald av lov.

Last
Summen av den effekt alle forbrukarar samstundes tek ut av eit energiforsyningssystem.

Lågspenning
Anlegg med høgste nominell spenning til og med 1000 V vekselspenning eller 1500 V likespenning.

Leveringsplikt
Alle som har områdekonsesjon har automatisk leveringsplikt av elektrisk kraft eller varmeenergi i konsesjonsområdet. Netteigar pliktar å stille nettet til disposisjon for kundar som kjøper kraft i marknaden.

Leveringstryggleik
Eit uttrykk for eit produksjonssystem si evne til å dekke eit definert kraftbehov.

Likestraum
Elektrisitet der spenninga vert halden kontinuerleg i ei retning til forskjell frå vekselstraum.

Magasin
Naturleg eller kunstig innsjø der ein samlar vatn i periodar med høgt tilsig og lågt forbruk, for å gjere seg nytte av vatnet når forbruket er stort.

Midlare årsproduksjon
Berekna gjennomsnittleg årleg produksjon over ei rekke år.

Minstevassføring
Vassføring som vert pålagt ein regulant å overhalde for ein nærmare bestemt periode.

Nedbørfelt
Det området tilsiget til vassdraget skjer frå.

Netto kraftforbruk
Kraftforbruk målt hjå forbrukar.

Nettselskap
Eit selskap som overfører elektrisk energi ved hjelp av elektrisitetsnett (sentralnett, regionalnett, distribusjonsnett). Alle som ynskjer å kjøpe elektrisk energi frå ein kraftleverandør, må vere tilknyta det lokale nettet for å få overført energien til sitt eige hus / verksemd. Det går ikkje an å velja nettselskap (anna enn ved å flytte), det ville bli for stygt og ulønsamt reint samfunnsøkonomisk å bygge fleire nett for å forsyne same område. Å bygge og drive elektrisitetsnett er ei viktig samfunnsoppgåve, og nettselskapet blir strengt overvaka av mynde.

Offentlege avgifter
Offentlige avgifter knytt til elektrisk energi er forbruksavgift på elektrisk kraft, produksjonsavgift og meirverdiavgift (”moms”), dessutan påslag til energifondet (”Enova-påslag”). Produksjonsavgift vert lagt på all produksjon av elektrisk kraft og skal være inkludert i oppgitt kraftpris. Forbruksavgifta vert lagt på alt alminnelig forbruk av elektrisitet, dvs. hushald og næringsverksemd. Industri og ein del spesielle verksemder er fritekne for forbruksavgift. Påslaget til energifondet vert lagt på alminneleg forbruk, og energifondet vert disponert av Enova SF. Forbruksavgifta og Enova-påslaget er inkludert i oppgitt energiledd på nettleiga. Meirverdiavgift vert rekna på alle kostnadselement – kraftpris, nettleige, produksjonsavgift, forbruksavgift og Enova-påslaget.

Områdekonsesjon
Alle netteigarar skal ha områdekonsesjon. I energilova står det at «Innan eit område kan konsesjon gjevast for bygging og drift av anlegg for fordeling av elektrisk energi med spenning opp til eit nivå som Kongen fastset» (§ 3-2).

Overføring av elektrisk kraft
Transport av elektrisk kraft i linjenett eller kabel.

Overføringskapasitet
Den last (effektuttak) som er tillate, med omsyn til varmeutvikling, stabilitet og spenningsfall.

Overføringslinjer
Kraftleidning for overføring av elektrisk energi (straum). Overføringslinjer kan enten gå mellom ulike regionar eller mellom land.

Produksjonsselskap
Eit selskap som produserer elektrisk energi. Energien kan produserast ved hjelp av vatn, vind, varme, sol, bylgjer osv. I Noreg er det mest vanleg at elektrisk energi vert produsert i vasskraftverk. Kraftselskapet sel som regel energien på den nordiske kraftbørsen (Nord Pool). Vanlege forbrukarar kan ikkje kjøpe elektrisk energi direkte av eit produksjonsselskap.

Regionalnett
Kabel- og luftleidningsnett mellom sentralnettet og distribusjonsnettet. Spenningsnivået er vanlegvis lågare enn 200 kV (kilovolt) og høgare enn 22 kV.

Regulering (av vassdrag)
Endring av vassdraget sin naturlige variasjon i vassføring over tid.

Sentralnett
Transportnett for elektrisk kraft. Sentralnettet er det fysiske bindeleddet mellom kraftprodusent og regionalnett. Sentralnettet er eit landsomfattande transportnett som bind Noreg saman til eit kraftrike. Statnett er operatør for sentralnettet, og eig også storparten av nettet. Det norske transportnettet er organisert i dei tre nivåa sentralnett, regionalnett og distribusjonsnett.

Spotmarknaden
Den kortsiktige kraftmarknaden som vert kjenneteikna ved at levering og betaling skjer samtidig.

Tariff
Tariff er det same som pris. I energisamanheng vert ordet først og fremst brukt om nettleige (transport av elektrisk straum). Inkludert i nettariffen er nettleige (overføring) og offentlige avgifter. Det er ulike nettariffar avhengig av kva slags type belastning som er tilknyta nettet. For vanlege forbrukarar og mindre næringsverksemd består nettariffen av eit fastledd (samt meirverdiavgift) og eit energiledd (samt forbruksavgift, Enova-påslag og meirverdiavgift). For næringskundar med stort forbruk vil ein også verta belasta med effektavgift.

Tilknytingsavgift
Eingangsavgift som nettkunden må betale for å bli knytt til nettet.

Tilsig
Vassmengda som vert tilført ein sjø, eit magasin eller ei elv.

Topplast
Maksimal last som kan verta forbrukt, teken ut eller verta produsert.

Toppline
Jordline / lynavleiar som heng høgare enn dei straumførande linene.

Transformator
Apparat som endrar spenningsnivå. I overgangen frå regionalnett til distribusjonsnett står det transformatorar som endrar spenninga for eksempel frå 66 kV til 22 kV.

Turbin
Maskin der vatnet i eit vasskraftverk eller dampen eller forbrenningsgassen i eit varmekraftverk vert ført inn på ei eller fleire skovler festa til ein aksling slik at ein får rotasjon som omset energien til mekanisk energi.

Turrår
År med mykje mindre nedbør enn normalt.

Varmekraft
Elektrisk kraft som er framstilt ved varme ved forbrenning av organiske stoff (kol, olje, gass, torv, avfall) eller ved spalting av atomkjernar i eit varmekraftverk.

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.