Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Avtalar og regelverk

Privat:

Nettselskapa har som hovudregel plikt til å gje alle tilgang til straumnettet ( tilknytingsplikt). Tilknytinga skjer i samsvar med lov og forskrift og med nettselskapet sine tilknytingsvilkår.

Standard tilknytingsvilkår for privatkundar

  • Standard tilknytingsvilkår regulerar forholdet mellom nettselskapet og eigaren av den elektriske installasjonen som vert tilknyta distribusjonsnettet. Sognekraft sine tilknytingsvilkår for privatkundar finn du her .

Standard nettleigeavtale for privatkundar

  • Nettleigeavtalen omfattar vilkår for bruk av nettet til uttak av kraft. Nettselskapet stiller overføringskapasitet i sitt elektriske nett til disposisjon for kunden på dei vilkår som fylgjer av standard nettleigeavtale og gjeldande tariffar. Sognekraft sin nettleigeavtale for privatkundar finn du her .

Personvern og bruk av informasjon

Vi ser på personleg informasjon som namn, adr., e-post og telefon nr. som konfidensielt. I samsvar med dette vert all informasjon du som kunde opplyser, lagra på ein sikker stad, og vil berre bli nytta til å kunne tene deg som kunde betre. Eksempelvis ved å sende ut viktig informasjon som direkte gjeld eit anlegg eller abonnement, og elles generell kundeoppfølging. Som kunde kan du alltid be om ein kopi av dine personlege opplysningar og få dei korrigert eller fjerna frå vår database.

 

Næring:

Nettselskapa har som hovudregel plikt til å gje alle tilgang til straumnettet (tilknytingsplikt). Tilknytinga skjer i samsvar med lov og forskrift og med nettselskapet sine tilknytingsvilkår.

Tilknytingsvilkår for næringskundar Standard tilknytingsvilkår regulerar forholdet mellom nettselskapet og eigaren av den elektriske installasjonen som vert tilknyta distribusjonsnettet eller regionalnettet. Sognekraft sine tilknytingsvilkår for næringskundar finn du her

Nettleigeavtale for næringskundar Nettleigeavtalen omfattar vilkår for bruk av nettet til uttak av straum. Nettselskapet stiller overføringskapasitet i sitt elektriske nett til disposisjon for kunden på dei vilkår som fylgjer av standard nettleigeavtale og gjeldande tariffar. Sognekraft sin nettleigeavtale for næringskundar finn du her

 

Retningsliner

Kraftavtale

  • Nettselskapet si oppgåve er å transportera elektrisk energi til deg som kunde. For å få tilgang til elektrisk energi må du inngå avtale med ein kraftleverandør.

Definisjonar

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.