Fordelinga av nettleiga er slik:
- Energifondet 2 %
- Forbruksavgift 27 %
- Meirverdiavgift 20 %,
- Statnett 11 %
- Sognekraft 41 %
Nettleiga dekker følgjande kostnadar:
- Kostnadar knyta til utbygging, drift og vedlikehald av alt av Sognekraft sitt eige straumnett
- Kostnadsandel knyta til utbygging, drift og vedlikehald av Statnett sitt nett, basert på kor mykje kraft Sognekraft sine kundar får levert via dette nettet.
- Kostnadar knyta til transport av straum i både Sognekraft og Statnett sine straumnett.
Avgiftene til staten utgjer ein monaleg del av nettleiga og består av:
- Lovpålagt innbetaling til det statlege energifondet (Enova) på 1,00 øre/kWh. Enova er etablert av staten for å fremje miljøvennleg omlegging av energibruk og energiproduksjon i Noreg.
- Forbruksavgift på elektrisk kraft på 16,13 øre/kWh. Sognekraft Nett har ansvar for å krevje inn avgifta på vegner av staten.
- Meirverdiavgift på 25 prosent til staten.
Fordelinga i illustrasjonen gjeld for privatkundar med eit årsforbruk på 20 000 kWh. Sognekraft Nett sine prisar frå 1. januar 2020 er nytta i fremstillinga.