Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Erstatningsansvar

Erstatningsansvar ved straumbrot forårsaka av tredjemann
Høgsterett avsa i 2005 ein dom som har stor praktis betydning når det gjeld omfanget av entreprenørar og tredjemann sitt erstatningsansvar i samband med straumbrot forårsaka av at tredjemann grev over kablar i bakken eller på anna måte skadar nettselskapet sine elektriske anlegg. I domen vert det slege fast at skadevoldar i slike tilfelle er ansvarleg for dekke kostnader med reparasjon av øydelagt materiell i tillegg til å vere ansvarleg for å dekke det tapet nettselskapet vert påført som fylgje av at nettkundar ikkje får levert elektrisk energi i den perioden det tek å få gjenoppretta straumforsyninga.

Denne orienteringa er meint som ei generell orientering om omfanget av erstatningsansvar dersom ein skade skulle inntreffa. I tillegg understrekar vi at den som set i verk ulike typar arbeid i nærleiken av elektriske anlegg først skal ta kontakt med Sognekraft for å få påvist kablar eller iverksetjing av andre sikringstiltak i det aktuelle område slik at vi unngår skade på dei elektriske anlegga. Vi understrekar også at spenningsførande anlegg utgjer ein stor personfare dersom vi direkte eller indirekte skadar ein jordkabel eller kjem i nærleiken av ein luftleidning.

Ansvar for tap som fylgje av manglande energileveranse
Den såkalla KILE-ordninga medfører at nettselskapa har eit økonomisk ansvar for kundane dersom det oppstår avbrot i energileveransen.

KILE er ei forkorting for ”Kvalitetsjustert inntektsråme ved ikkje levert energi” Nærare bestemmelsar om ordninga går fram av forskrift 302 av 1999-03-11, kap 9. Dette kapitelet er endra ved forskrift 7.desember 2007 nr 1423 og endringa tredde i kraft 1. januar 2009. I praksis medfører KILE-ordninga at eit nettselskap ved alle avbrot og uavhengig av lengda på avbrotet, får ein reduksjon i selskapet si inntektsråme. Dette medfører eit økonomisk tap for nettselskapet ( såkalla KILE kostnader). KILE- kostnader med tilhøyrande reduksjon i inntektsråma, vert pådrege nettselskapet uavhengig av kva eller kven som var årsak til at det aktuelle avbrotet oppstod. Med andre ord vil også eit straumbrot som er forårsaka av tredjepart resultere i KILE – kostnader for nettselskapet.KILE vert utrekna på grunnlag av fylgjande faktorar:

  • Forbruksgruppe og årsforbruk
  • Tidspunkt for avbrotet
  • Lengda på avbrotet

I tilfelle der Sognekraft vert påført KILE tap som fylgje av tredjepart si handling, vil dette verta kravd erstatta frå den skadevoldande tredjepart i medhald til alminnelege erstatningsrettslege reglar. Eit slikt erstatningskrav vil koma i tillegg til krav om erstatning for reparasjonsskadar m.m. av dei skada anleggsdelane.

Avsluttande kommentar
Nettselskapet sitt økonomiske tap i samband med skader på nettanlegg og avbrot i straumforsyninga vil lett kunne verta mykje større enn berre dei reine reparasjonskostnader. Vi har i dette brevet orientert om regelverket som opnar opp for nettselskapa til å krevja kostnadsdekking frå tredjepart dersom denne har påført skade på nettanlegg med påfølgjande avbrot i energileveranse. I tillegg understrekar vi at den som set i verk ulike typar arbeid i nærleiken av elektriske anlegg først skal ta kontakt med Sognekraft for å få påvist kablar eller iverksetjing av andre sikringstiltak i det aktuelle område slik at vi unngår skade på dei elektriske anlegga. Vi understrekar også at spenningsførande anlegg utgjer ein stor personfare dersom vi direkte eller indirekte skadar ein jordkabel eller kjem i nærleiken av ein luftleidning.

Dersom det er ynskjeleg med meir informasjon om KILE ordninga inkludert oversikt over kompensasjonssatsar for ulike sluttbrukargrupper, er slik informasjon tilgjengeleg på nettsidene www.nve.no

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.