Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.
Byggje og grave

Byggje og grave

Skal du byggje, rive eller rehabilitere? Ta kontakt med oss i god tid, så kan vi hjelpe deg med byggjestraum og kabelpåvising.

Her kan du enkelt tinge byggjestraum hjå Sognekraft. Treng du straumuttak til maskiner, lys og varme i byggjeperioden, kan du få tilkople provisorisk byggjestraum frå oss. Skal du grave, kan du bruke skjemaet vårt for kabelpåvising. Hugs at du bør gjere avtale med oss minst fire dagar før du vil ha utført kabelpåvising og kan starta gravinga. Kabelpåvising av Sognekraft sine kablar vert utført gratis av oss.


Viktig informasjon til deg som skal grave 

Bestilling av byggestraumskåp
Treng du straumuttak til maskiner, lys og varme i byggeperioden, kan du få tilkopla provisorisk byggestraum (byggeskap, byggeskåp, Byggjestraum). Kostnad i samband med etablering av byggestraum, vert dekka av bestillar eller utbyggjar. Jording for det permanente anlegget -Jordelektroden – vert vanlegvis lagt under eller rundt sålen på huset / bygget. Vær derfor tidlig ute med å bestille levering og legging av jordelektrode og plassering av tilknytingsskåp hjå din elektroentreprenør.

Kabel – levering – legging – ansvar
Stikkledning (kabel) vert levert i samsvar til melding frå installatør. Tilknytingspunkt må vere kjent.

Sognekraft nyttar jordkabel med minimum tverrsnitt på 4×25 mm2 aluminium fram til næraste tilknytingspunkt. På denne kabelen er det og fiberrøyr. Dette røyret skal førast inn til eit skøyte-/termineringspunkt i tilknytingsskåpet, og skal tettast for seinare bruk.

Røyrføring, inntrekking og tilkopling av stikkledning og avslutting av fiberrøyr er byggherre/installatør sitt ansvar.

Graving av grøft frå anvist mast/kabelskap frem til inntakspunktet avtales med bestillar / utbyggjar. Graving bør skje i perioden 15. mai til 15. oktober.

Kabelen skal liggja i sand eller sandjord, minimum 60 cm under planert terreng. I same grøft kan du legge både telefon og TV-kabel. Innbyrdes avstand mellom kablane skal være minimum 10 cm.

Byggherren er ansvarlig for å skjerma kabelen mot skade i heile anleggsperioden. Eventuelle reparasjonar vert belasta byggherren.

NB: Kablar som vert lagt rett over vatn – og kloakkleidningar kan by på problem ved seinare oppgraving. Lag gjerne ei målsett skisse over kabeltrase og oppbevar den i sikringsskåpet ditt.

Melding av elektriske anlegg (melding om installasjonsarbeid)
Så snart du bestiller elektroentreprenør, vil elektroentreprenøren sende ei førehandsmelding til Sognekraft. Ein situasjonsplan skal innsendast saman med denne meldinga. Det er ein plan som viser korleis bustaden eller fritidsbustaden er plassert på tomten, med avmerka stad for ynska tilknytingspunkt. Ut frå desse opplysningane startar Sognekraft planlegging for framføring av permanent straum til anlegg ditt. Elektroentreprenøren sender ferdigmelding til Sognekraft når anlegget er ferdig. Elektroentreprenøren lagar deretter ei erklæring til eigar eller brukar av anlegget. Denne erklæringa viser at installasjonen er utført i samsvar med tryggleikskrava.

Anleggsbidrag
Ved tilknyting av nye installasjonar, endringar i eksisterande installasjonar etc. som medfører auka overføringskapasitet av straum, vert det berekna eit anleggsbidrag til Sognekraft i samsvar med gjeldande retningslinjer. Meir om anleggsbidrag.

Nettariff
Snakk med din elektroentreprenør med omsyn til val av riktig nettariff. Sognekraft har nettariffar basert på installasjonen sitt overbelastningsvern / hovudsikring. Det er du som installasjonseigar som må velje kor stor hovudsikring din installasjon har behov for.

Permanent tilknyting av ny installasjon – demontering av byggestraumskåp
Når Sognekraft mottek elektroentreprenøren si ferdigmelding, vil anlegget normalt få tilkopla spenning og målar i løpet av dei tre næraste arbeidsdagane.

Om ikkje anna er avtalt, kan Sognekraft demontere byggestraumskåpet samtidig med at den permanente spenninga vert tilkopla.

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.