Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.
Aktivitet nær elektriske anlegg

Aktivitet nær elektriske anlegg

Ver forsiktig i nærleiken av elektriske anlegg
Konkrete hendingar tyder på at ikkje alle er klar over faremoment ved direkte eller indirekte kontakt med straumførande anlegg. Vi ynskjer difor å informere dykk som arbeider i nærleiken av linjene og kabelanlegga våre.

Kontakt Sognekraft om du skal arbeide nærare enn 30 meter frå linja
Arbeider du med anleggsmaskiner, skogsmaskiner eller anna reiskap som krev stor fri høgde, må du undersøke om det finst høgspenningslinjer i nærleiken av arbeidsstaden. Dersom du skal arbeide nærmare enn 30 meter frå linja, må du på førehand kontakte Sognekraft. Skader på anlegg som Sognekraft eig, kan føre til erstatningsansvar. Sjå om erstatningsansvar her.

Felling av tre
Felling av tre i nærleiken av høgspenningslinje må ikkje gå føre seg på slik måte at farlege situasjonar oppstår. Kontakt Sognekraft når du skal felle tre i nærleiken av linjene våre. Vi gjev råd og hjelper til om nødvendig.

Skulle eit tre falle på høgspenningslinja må du

  • Ikkje forsøk å fjerne treet.
  • Gå vekk frå treet.
  • Hugs at straumen automatisk vil bli kopla inn at etter ei eventuell utkopling.

Varsla Sognekraft så raskt som mogeleg (feilmelding 57 69 86 02). Dersom det er fare for liv og helse, bruk naudnummeret 113 (lege), 112 (politi) Set ut vakt til linja blir kopla ut slik at ikkje andre kjem i kontakt med treet eller leidningen dersom denne har falle ned.

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.