Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Kundenytt september 2020

_______________________________________________________________________________________________

Image

Vi er her for deg

Som eit førebyggjande tiltak for å hindra smittespreiing av koronaviruset, er kontora våre i Vik og Sogndal stengde for besøk frå kundar og andre. Sognekraft leverer og driftar samfunnskritisk infrastruktur og er såleis pålagde å innføra ekstra strenge sikringstiltak i samband med smittefaren.

Uansett er kundetenesta vår på plass for å hjelpa deg og svara på det du måtte lura på. Treng du å få kontakt med oss, ring 57 69 86 00 eller send oss ein e-post til kunde@sognekraft.no.

___________________________________________________________________________________

Sognekraft er ei stor læreverksemd
Sognekraft har ambisjonar som verksemd og store mål på vegner av regionen vår. Vi skapar nye arbeidsplassar gjennom auka aktivitet. Image

Difor er Sognekraft også ei høvesvis stor læreverksemd. Vi tek stadig opp nye lærlingar på laget vårt for å sikra god rekruttering. Mange av dei som går læretida si mot fagbrev i Sognekraft vert verande her, andre går vidare til meir utdanning eller til andre arbeidsgjevarar.

Her ser du Victoria Midlang Harbakk (t.v.) frå Feios, Thea Flesland Gjerstad frå Osterøy og Bendik Årseth Hestad frå Jølster, dei tre ferskaste av dei sju lærlingane vi har i stallen vår no. Thea og Bendik har starta læretida si mot energimontørfaget, medan Victoria skal ta fagbrev i sal- og servicefaget.

Velkomne på Sognekraft-laget, Victoria, Thea og Bendik!

 

___________________________________________________________________________________

 

Alternate text

Rekordlåge straumprisar – låg nettleige
Du har sikkert lagt merke til det på fakturaen frå Sognekraft: Prisane på straum har vore veldig låge i sommar. No er det nettleiga som utgjer den største summen på fakturaene for kraft og nettleige, og nettleiga ser ekstra høg ut no når straumprisane har vore rekordlåge.

Kvifor det er slik? Det er fleire årsaker til at straumprisane aldri har vore lægre i Noreg enn dei var no i vår og sommar. Ein mild og nedbørsrik vinter med store snømengder i fjellet og fulle vass-magasin er hovudgrunnen. I tillegg har vi mellom anna hatt låge oljeprisar, mykje vind som har gjeve auka produksjon av vindkraft på den skandinaviske marknaden, og for liten kapasitet på kablane som eksporterer norsk kraft til Europa. Korleis prisane utviklar seg framover er heilt avhengig av om ein får ein fin og turr haust, – då vil prisane stige raskt, eller om ein får mykje nedbør, då vil prisane halde seg relativt låge, om enn stigande grunna kaldare vêr og meir forbruk etter kvart.

Frå 1. oktober 2019 reduserte Sognekraft nettleiga med 22 %, trass i at vi opererer i eit av dei brattaste og mest utfordrande områda i landet med tanke på vêr og landskap.

Kvifor betalar du nettleige? Halvparten (49%) av det du betalar går til det offentlege i form av skatt og avgifter, i tillegg til at 11% av nettleiga går til Statnett for deira linjer. Pengane nettselskapet Sognekraft sit att med (41% av den totale nettleiga) går til bygging, drift og vedlikehald av straumnettet vårt. Sognekraft har om lag 1900 kilometer med straumførande linjer, som skal levera straum kvar einaste time året rundt. Mykje av linjenettet vårt forserer bratt og utfordrande naturlandskap, med tøffe vintrar og spreidd busetnad. Sognekraft har i fleire år no hatt ein leveringstryggleik på over 99,9 %.

Vi i Sognekraft er stolt over at vi greier å halda nettleiga nede på eit nivå som kan samanliknast med nettleiga til store selskap som opererer i langt flatare og meir folketette område

Alternate text

 

Avgiftene til staten består av:

• Lovpålagt innbetaling til det statlege energifondet (Enova) på 1,00 øre/kWh.
• Forbruksavgift på elektrisk kraft på 16,13 øre/kWh.
• Meirverdiavgift på 25 prosent til staten.

Fordelinga i illustrasjonen gjeld for privatkundar med eit årsforbruk på 20 000 kWh.

 

 

 

________________________________________________________________________________

Dato 08.09.2020

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.