Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Kundenytt mai 2021

 

Sognekraft Nett blir Sygnir
Nettverksemda til Sognekraft har skifta namn til Sygnir AS. Dette er selskapet som skal syta for at du har straum i kontaktane dine kvar einaste time året rundt. Det er me i Sygnir som skal sjå til at hundrevis av kilometer med straumførande linjer og kablar til ei kvar tid fungerer, slik at du er sikra trygg og stabil straumforsyning heime og på jobb.

Kvifor nytt namn?
Kvifor i all verda skifta namn frå Sognekraft nett til Sygnir? Svaret er veldig enkelt: Sentrale styresmakter har bestemt at det skal bli eit langt tydelegare skilje mellom nettselskapa og resten av energiselskapa. Eitt av vilkåra i så måte er at nettselskapet skal ha eit namn som ikkje kan forvekslast med namnet på energikonsernet.

Ein del av Sognekraft
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) krev at nettverksemdene skil seg tydeleg frå både kraftproduksjon og sal av straum, fordi nettdelen er monopolverksemd.
Sjølv om nettverksemda i Sognekraft no får nytt namn, Sygnir, vil me framleis vera same familien. Sygnir AS er eigd av morselskapet Sognekraft AS, og vert eit dotterselskap i konsernet Sognekraft.

Aurland, Lærdal, Vik og Sogndal
Også Lærdal Energi og Aurland Energiverk vil ha eigardeler i Sygnir AS. Kring 1. september vert nemleg nettverksemdene til Aurland Energiverk og Lærdal Energi ein del av Sygnir. Då vert Sygnir også mellom dei 20 største nettselskapa i landet. Me er sikre på at denne samanslåinga er til det beste for kundane våre, og til det beste for å sikra lokalt eigarskap, arbeidsplassar og lokal verdiskaping

Kvifor Sygnir?
Kvifor namnet Sygnir spør du? Sygnir er det norrøne namnet på dei som budde i det gamle Sygnafylket, eller på oss sogningar som er nemninga me nyttar i dag. Me er sogningar, me er stolte over opphavet vårt, stolte over historia vår og stolte over å koma frå Sogn. Me kjenner folket som bur her og me kjenner utfordringane naturen vår byr på.

 

Me får krafta fram – nett der du er

 

Med helsing

 

 

 

-ein del av Sognekraft-konsernet

 

Sygnir AS
E-post: post@sygnir.no
http://www.sygnir.no
Telefon: 57698603
Postadresse: Røysavegen 1, 6893 VIK I SOGN

Dato 19.05.2021

Footer

X
Du er no inne på nettstaden til nett-delen av konsernet Sognekraft.
OK

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.