Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Kundenytt februar 2020

Låge straumprisar

Saknar du den skikkelege vinteren, med mykje snø og blå grader? Eitt av utslaga som følgjer av den milde og våte vinteren vi opplever er særs låge straumprisar. For det første fører mildvêret til at vi brukar mindre straum til oppvarming enn vanleg, og når forbruket av straum går ned følgjer prisane etter. I tillegg har det regna mykje, noko som gjev tilsig i dammane og auka hydrologisk balanse, som også gir meir «drivstoff» til vasskraftverka våre og med det auka produksjon. At det også har vore mykje og kraftig vind nokre stadar, som har påverka vindkraftproduksjonen i Skandinavia, er med å dra prisane på straum ned.

_____________________________________________________________________________________

 

Kompensasjon ved langvarig straumbrot

Kundar kan krevje kompensasjon ved langvarig straumbrot over 12 timar. Meir informasjon og skjema som må utfyllast og sendast inn finn du på våre nettsider: Sognekraft.no (kompensasjon ved straumbrot), eller får du ved å kontakte oss.

_____________________________________________________________________________________

 

Nettleige 2020

Sentrale styresmakter vedtok seinhaustes i 2019 å auke forbruksavgifta på nettleiga i 2020 med 0,375 øre (inkl. mva) per kilowattime. 1. oktober 2019 reduserte Sognekraft nettleiga med 22 prosent, noko som tilsvarar ein årleg innsparing på nær 1.300 kroner for ein hushaldning med eit årsforbruk på 20.000 kWh. Denne prisreduksjonen er framleis gjeldande. Vi jobbar kvar einaste dag året rundt for å halda prisane på nettleiga på eit så lågt nivå som mogleg. Oversikt over alle prisar og avgifter finn du på vår nettside:

Sognekraft.no (prisar og avgifter)

_____________________________________________________________________________________

 

AMS, timeavrekning og Mi side på mobilen

Som følgjer av sentrale styresmakter sitt vedtak om innføring av automatiske straummålarar (AMS), ei utrulling som snart er fullført i Sognekraft sitt område, vil det i nær framtid innførast timeavrekning på straumforbruket ditt, så sant du har eit av våre spotpris-produkt. Eksakt dato for dette er ikkje sett enno, men ordninga med timeavrekning vil verte sett i verk før sommaren. Meir informasjon om dette vil du få når alle AMS-målarane er installert og endeleg dato for innføring av timeavrekning er sett.

Ein stor fordel med timeavrekning er at du i langt større grad enn tidlegare kan styra ditt eige forbruk, og såleis spara kostnader. Du kan bruka straum når den er billeg, og skru ned forbruket når straumen er på det dyraste.
For å følgje med på prisane, og for å styre forbruket ditt, kan det vere smart å installere Mi side på mobiltelefonen din.

For å legga til Mi Side som snarveg (ikon/«App») på mobilen gjer ein fylgjande:

Android telefon (Samsung, Sony, Huawei, m.m):

1. Gå til Mi Side i nettlesaren misidenett.sognekraft.no om du berre er nettkunde eller misidekraft.sognekraft.no om du er straumkunde – også kjøper straumen hjå Sognekraft )

2. Trykk på ikonet oppe til høgre på skjermbildet

3. (Chrome): Velg «Legg til på startsiden» i menyen 

4. (Firefox): Vel fana for «side» og «legg til snarvei til side» og «legg til»

iOS (iPhone / iPad):

1. Opne Sognekraft.no og gå til Mi Side i nettlesaren (Safari )på din mobiltelefon

2. Trykk på ikonet nederst i midten på menylinja

3. Trykk på «legg til på Hjem-skjerm»

Dato 13.02.2020

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.