Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Kundenytt april 2020

Me er her for deg, heile tida!

Straum og straumforsyning er samfunnskritisk infrastruktur. I Sognekraft gjer vi vårt beste for å sikra trygg og sikker straumforsyning kvar einaste time året rundt, også i desse tider med koronaviruset som lammar mykje av samfunnet. Som følgjer av koronaviruset stengde Sognekraft kontora våre frå torsdag 12. mars, men vi er tilgjengelege på telefon og e-post. Til liks med store delar av verksemda jobbar dei som er på kundeteneste frå heimekontor.

Treng du å få kontakt med oss, ring 57 69 86 00 eller send oss ein e-post til kunde@sognekraft.no


_____________________________________________________________________________________

Fullt oversyn på Mi side

Har du spørsmål om faktura, forbruket ditt eller ynskjer oversyn over målarane dine? Logg deg inn på «Mi side», der finn du informasjon om faktura, kor mykje du betalar for straumen din, kor mykje straum du brukar og informasjon om målaren din, eller målarane dine om du har fleire.

Mi side finn du her:

 

_____________________________________________________________________________________

Me kan alle bidra

Ver raus mot deg sjølv og andre i tida framover, særleg dei som treng det litt ekstra no i denne vanskelege tida. No handlar det om å ta vare på kvarandre og alt det gode vi har saman. I tider som dette er det viktig at me støttar opp om lokalt lags- og organisasjonsliv. Det er også viktig at me støttar lokalt næringsliv i denne tøffe tida, og gjerne tenkjer oss litt om når me gjer innkjøp.

_____________________________________________________________________________________

Kva kan me hjelpe deg med?

Finn du ikkje det du leitar etter på www.sognekraft.no eller Mi side, kan du kontakte oss på telefon 57 69 86 00 frå klokka 08-15 på kvardagar, eller du kan sende oss ein e-post: kunde@sognekraft.no

_____________________________________________________________________________________

Retteleg god påske!

Påsken 2020 vert ikkje heilt slik påskehøgtida brukar å vere for dei fleste av oss. Koronaviruset gjer at verken helg eller kvardag er som vanleg for tida. Styresmaktene oppmodar oss uansett om å halde oss i fysisk aktvitet, så me håpar dei fleste av Sognekraft sine kundar får høve til å nyta den fantastiske naturen vår i løpet av påskehøgtida. Hugs berre at du held god avstand til andre, og at du ikkje dreg deg opp på dei aller høgaste og mest utfordrande toppane denne påsken.

Me i Sognekraft vil nytte høvet til å ynskje deg og dine ein retteleg god påske! Ta vare på kvarandre!

_____________________________________________________________________________________

Dato 01.04.2020

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.