Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Investerer 70 millionar i Luster

Statnett byggjer ny Leirdøla stasjon for det sentrale straumnettet. Sognekraft kjøper og byggjer om eksisterande Leirdøla transformatorstasjon for å sikra Luster og resten av regionen eit stabilt og sikkert straumnett.

 

No har Sognekraft og Statnett underteikna avtalen som snart gjer Sognekraft til eigar av det som i dag heiter Leirdøla transformatorstasjon. Det nye namnet på stasjonen vert Fonndøla transformatorstasjon, og vil inngå i det framtidige regionalnettet i Sogn. Statnett byggjer ny, stor transformatorstasjon i same området og vil vidareføra namnet Leirdøla transformatorstasjon til denne. Eigarskiftet finn stad 1. juli 2022.

–  Statnett kom til oss og la fram sine planar om ny sentralnettstasjon i Leirdøla, og utfordra oss på å kjøpa eksisterande stasjon. Vi har sagt at vi skal vera ein regional utviklingsaktør. Dette er ei stor investering for Sognekraft, som vi gjer fordi vi ynskjer å vera drivkraft i Sogn gjennom vekst og utvikling. Slik får vi auka konkurransekraft og lagt til rette for lokal og regional næringsutvikling, seier Terje Bakke Nævdal, administrerande direktør i Sognekraft.

Stasjonen ligg på Reiarmoen, på vestsida av Jostedøla og Jostedalsvegen, om lag fem kilometer frå Gaupne sentrum.

Det er særleg kraftprodusentane i Luster og Årdal som vil nyta godt av at Sognekraft tek over, byggjer om og moderniserer til Fonndøla transformatorstasjon. Stasjonen vert eit sentralt knutepunkt for all kraftproduksjon i Sogn, og mot eitt av Noregs sterkaste knutepunkt for straumforsyning, Statnett sin Sogndal transformatorstasjon på Hagafjellet.

Slik sikrar Sognekraft at Luster og resten av Sogn vert forsynt med stabil kraft frå alle kraftanlegg i regionen.

Enkelt forklart skal Statnett sin nye, store Leirdøla stasjon forsyna det sentrale straumnettet, medan Sognekraft sin nye Fonndøla transformatorstasjon skal ha to stasjonar i seg og transformera straum ut på det lokale straumnettet i Luster og til resten av regionen.

–  Såleis betrar vi også forsyningstryggleiken her i Sogn gjennom denne investeringa, seier Terje Bakke Nævdal.

Investeringa nettverksemda i Sognekraft no gjer i Luster, utanfor sitt ordinære konsesjonsområde, vil også koma nettkundane til gode i form av lågare nettleige. Den enkle forklaringa på dette er at di meir straum som vert selt og nytta lokalt, di lågare nettleigekostander på dei som bur her.

Investeringa Sognekraft no gjer i Luster gjennom kjøpet frå Statnett og ombygging til Fonndøla transformatorstasjon vil koma på nær 70 millionar kroner.

Plasseringa til Fonndøla transformatorstasjon, nærast vegg i vegg med nye Leirdøla transformatorstasjon, gjer området svært gunstig med tanke på eventuell etablering av eit større datasenter.

 

 

 

Dato 18.09.2020

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.