Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Informasjon til plusskundar

Plusskundeordningen vart innført som ein frivilleg prøveordning av Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) i 2010. Direktoratet har no kome med eit nytt regelverk for plusskundar, med stort sett lik utforming som under prøveordninga.

Ein plusskunde er ein kunde som produserer straum til eige forbruk, og som leverer eit eventuelt overskot av produksjonen sin inn på straumnettet. Føresetnaden for å vere plusskunde er at det ikkje på noko tidspunkt vert mata inn meir enn 100 kW i straumnettet. Dersom innmata effekt er større enn dette, vert kunden vurdert som ein ordinær kraftprodusent, og då gjeld andre vilkår.

Plusskundane skal betala ordinær nettleige for alt forbruk (uttak) som alle andre privatkundar. Eventuell overskotskraft som vert mata inn i nettet vert per i dag kjøpt av oss til gjeldande områdepris (månadssnitt) på Nord Pool Spot, men NVE krev i den nye plusskundeføreskrifta at det er kunden sin kraftleverandør som skal kjøpe denne krafta.

Alle som leverer straum inn på vårt straumnett må betale ein innmatingstariff, men plusskundar er i motsetnad til ordinære produsentar fritekne for fastleddet i innmatingstariffen. Plusskunden sin innmatingstariff inneheld difor kun eit energiledd. Energileddet sin storleik kjem an på den gjeldande marginaltapssatsen i straumnettet, områdeprisen og netto innmating i straumnettet, og er difor ikkje fast.

Per dags dato er energileddet i innmatingstariffen for plusskundar negativt, det vil seie at vi i tillegg til å betale for straumen som vert mata inn, betalar eit beløp per innmata kWh. Årsaka til dette er at ein føreset at det låge produksjonsvolumet frå plusskundar bidreg til å redusere marginaltapet i nettet snarare enn å auke det.

Straum som vert produsert til eige forbruk er ikkje avgiftsbelagt for plusskundar.

Tekniske krav til produksjonsanlegg i lågspenningsnettet

For at forbrukskundar som installerer produksjonsanlegg bak sine tilknytingspunkt ikkje skal bidra til redusert spenningskvalitet hjå andre kundar eller redusert tryggleik for dei som jobbar i nettet, stiller Sognekraft nokon krav til kunden og installasjonen:

  • Det vert stilt krav om at produksjonsanlegget skal koplast automatisk bort frå nettet dersom det oppstår ein straumstogg i nettselskapet (Sognekraft) sitt nett. Anlegget skal då bli liggjande utkopla til normal straumforsyning er oppretta i Sognekraft sitt nett.
  • REN-blad gir dei gjeldande tekniske retningslinjer for anlegget sine eigenskapar. REN-blad vert sende ut ved førespurnad til oss om dette.
  • Det installerte utstyret skal vere sertifisert etter tysk norm VDE 4105-2011 eller europeisk norm EN 50438:2013.
  • Det er kunden sitt ansvar, i samarbeid med installatør, å sørgje for at anlegget tilfredstiller dei tekniske krava som vert stilt for at anlegget skal kunne knytast til nettet.

For deg som er ny plusskunde er det viktig å undersøkje gjeldande tekniske krav til anlegget, merk at slike anlegg er meldingspliktige og dette må gjerast av ein godkjent elektroinstallatør.

 

Dato 27.09.2018

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.