Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.
Energimontørar

Energimontørar

Sognekraft produserer, overfører og sel energi. Selskapet eig og driv vasskraft med ein årleg produksjon på vel 570 GWh, samt eit fjordenergianlegg. Vidare driftar og forvaltar selskapet regional –og distribusjonsnett på 1872 km og eit omfattande fibernett innanfor konsesjonsområdet avgrensa av kommunane Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal og Frønningen i Lærdal kommune.

Energimontørar

Sognekraft har for tida høg aktivitet med store utbyggingsprosjekt innan ny vasskraft og straumførande nettanlegg. Vi søkjer dyktige energimontørar  til montørbasen i Sogndal.

Arbeidsoppgåver

  • Drift og vedlikehald av nettanlegg
  • Bygging av nyanlegg og bygging/vedlikehald av fibernett
  • Kan bli pålagt å delta i vaktordninga

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev energimontør
  • Gjerne arbeidserfaring som energimontør
  • Førarkort kl. B, gjerne BE, C, scooter, truck og maskinførarbevis
  • Legg vekt på kvalitet og tryggleik
  • Lagspeler, men jobbar også godt sjølvstendig

 Sognekraft tilbyr

  • Varierte og interessante arbeidsoppgåver
  • Arbeidsplass i eit kompetansesterkt og kjekt arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktige løns- og forsikringsvilkår

For meir informasjon ta kontakt med overmontør Erling Sperle tlf. 951 30 979

Send søknad og CV til jobb@sognekraft.no innan 23. mai.

Dato 09.05.2018

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.