Du er sjølv ansvarleg for eltryggleiken i ditt eige hus.
Dette kan du kontrollera sjølv:
- Inntakssikringane er som oftast monert der jordkabel eller luftlinje kjem inn i bygningen
- Inntakssikringane skal ikkje vera unormalt varme
- Spenningsførande deler ved inntak skal vere skjerma mot tilfeldig berøring
- Sikringar i sikringsskåpet skal ikkje vera unormalt varme
- Dersom sikringen ofte koplar ut, tyder dette på at det er for stor berlastning på denne kursen
- Kontroller at skrusikringar er godt tilskrudde
- Det skal ikkje oppbevarast brennbart materiale eller uvedkomande ting i sikringsskåpet
- Spenningsførande deler i sikringsskåpet slaø vere skjerma mot tilfeldig berøring
- Kontroller at varmeomnar ikkje er dekka til av gardiner eller andre gjenstandar
- Kontroller at veggomnar er godt festaKontroller at tørkestativ eller klessnor ikkje er plassert nærare omn enn den avstanden som er påstempla omnar på bad og vaskerom
- Kontroller at det ikkje er brukt større lyspærer enn det som er påstempla lysutstyret
- Kontroller at sengelampar og varmeomnar på barnerom er skikkeleg festa til veggen
- Kontroller at TV-apparatet er avslått med brytaren når det ikkje er i bruk
- Kontroller at støpslet til kaffitraktar, brødristar, vasskokar er teke ut etter bruk
- Kontroller at kokeplater på komfyren alltid vert slått av etter bruk
- Sjå etter at det ikkje er synlege feil og manglar på installasjonar og utstyr
- Bruk aldri vaskemaskin og tørketrommel utan tilsyn
- Unngå utstrakt bruk av skøyteleidning
- Elektrisk utstyr som vert brukt utandørs skal alltid tilkoplast jorda stikkontakt
- Utan forvarsel kan ulykker ramma deg og dine næraste. Montering av jordfeilbrytar og overspenningsvern er ei god forsikring for å sikra bustaden mot brann og berøringsfareJordfeilbrytaren og overspenningsvernet vert montert i sikringsskåpet. Den koplar ut straumen om det oppstår jordfeil
- Dersom det vært avdekka feil eller mangel på det elektriske anlegget, må desse utbetrast av installatør.
- Du kan kontakta oss for avtale om kontroll. Som oftast vil vi kunne vere på staden i løpet av kort tid.