Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Kva er DLE?

DLE står for Det lokale elektrisitetstilsyn og er underlagt DSB (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap.

Sognekraft er både kraftprodusent, kraftleverandør og nettselskap, og DLE høyrer til under nettselskapet Sognekraft. Som nettselskap er Sognekraft pålagt å føre tilsyn med alle elanlegg innanfor vårt forsyningsområde.Det er DSB som bestemmer kva tilsynet frå vårt DLE skal innehalde, og DLE rapporterer resultata av tilsyna til DSB.

Oppgåver DLE utfører for DSB:

  • Kontroll av el-installasjonar og elektrisk utstyr i private bustader, landbruk, små og større verksemder m.v.
  • Systemrevisjonar av elektroinstallatørar
  • Systemrevisjonar av internkontrollsystem i verksemder som t.d. produksjonsbedrifter, verkstader, helseinstitusjonar, eksplosjonsfarklege område m.v.
  • Marknadskontrollar
  • Informasjon om el-tryggleik til ulike kundegrupperRevisjon og vertifikasjon av internkontroll som omhandlar elektriske installasjonar og elektrisk utstyr
  • Deltek i brannetterforsking

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.