Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Jordfeil

Har du jordfeilbrytar som slår seg ut kan du sjølv lokalisere feilen ved å gå gjennom punkta under:

  1. Skru ut alle sikringar og/eller automatsikringar bortsett frå overbelastningsvernet (hovudsikringen).
  2. Slå inn igjen jordfeilbrytaren.
  3. Kople inn ein og ein sikringskurs til jordfeilbrytaren koplar ut igjen. Du har no funne den sikringskursen som har jordfeil.
  4. Slå av/skru ut den kursen som det er feil på. Kopla jordfeibrytaren inn att.
  5. Slå av alle brytarar, trekk ut alle støpsel på denne sikringskursen og skru inn/slå på sikringen/automaten igjen.
  6. Slå på eit og eit apparat igjen til feilen oppstår igjen. Du har no funne det apparatet som er årsak til feilen. La dette apparatet vera fråkopla.

For utbetring av feil ta kontakt med godkjent installatør.Dersom du ikkje har jordfeilbrytar og du opplever at nokon får straumstøyt, må du kontakta

godkjent elinstallatør omgåande for å finna denne feilen. Dersom installasjonen din er i orden, skal ikkje dette kunne skje. Det ville også vera ein god

tryggleik om du får installatrøren til å montera jordfeilbrytar i anlegget ditt. Jordfeilbrytarane kan kopla bort ein feil som er under utvikling og som i

verste fall kan resultera i brann eller at nokon får straum gjennom seg.

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.