Alle verksemder er pålagt å ha eige internkontrollsystem som mellom anna omfattar dei elektriske installasjonane og det elektriske utstyret. Internkontrollsystemet skal skriftleg dokumentera følgjande:
- Kva mål verksemda har for helse, miljø og tryggleik
- Korleis verksemda er organisert, korleis ansvar og oppgåver innafor HMS er fordelt
- Kartlegging og vurdering av risiko (brev, rapportar, måleresultat og liknande)
- Kva som skal gjerast, kor tid/ofte og av kven (handlingsplan)
- Rutinar for handtering av feil og manglar
- Korleis HMS-rutinane vert evaluerte for å sikra at de fungerer etter føremåletInternkontrollsystemet skal tilpassast verksemda sin storleik og verkeområde.
Internkontrollforskrifta finn du her: «Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter».