Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.
El-tryggleik

El-tryggleik

Det lokale elektrisitetstilsyn (DLE)

 

DLE (Det Lokale Eltilsyn) ved Sognekraft AS er ein del av det offentlege tilsynsapparatet for elsikkerheit, og er fagleg underlagt DSB (Direktoratet for Samfunnsikkerheit og Beredskap). Med heimel i Lov om tilsyn med elektriske anlegg og utstyr utfører DLE tilsyn i Sognekraft AS sitt konsesjonsområde, som er kommunane Vik, Balestrand, Leikanger og Sogndal.

DLE sitt arbeide har som mål å redusere skader og ulykker som skuldast elektrisk straum.
DLE sine arbeidsoppgåver:

  • Utføre stikkprøvekontroll av elektriske anlegg og utstyr.
  • Kontrollere at elektroinstallatørar som utfører arbeid på anlegg i området har naudsynt kunnskap og rutiner.
  • Utføre revisjon av Internkontroll-system i verksemder.
  • Informere ulike målgrupper om elsikkerheit.
  • Bistå politiet i samband med etterforsking av brannar.

 

DLE rapporterer til DSB om planlagde tilsynsaktiviteter og resultat av desse.

Footer

X
Du er no inne på nettstaden til nett-delen av konsernet Sognekraft.
OK

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.