Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.
Elhub, kva betyr det for deg?

Elhub, kva betyr det for deg?

Elhub har høg fokus på tryggleik, slik at alle meldingar som vert sende mellom dei ulike aktørane er krypterte, og tilgang på data er avgrensa. Dette gir auka personvern og tryggleik for deg som kunde.

Gjennom Elhub får både netteigarar og straumleverandørar ein nøytral plass å forholda seg til når det gjeld data som skal hentast og sendast, og alle aktørar får lik handsaming.

Kva har så Elhub å seie for deg som straumkunde? Elhub vil bidra til effektiv distribusjon av måleverdiar av høg kvalitet og betre utnytting av potensialet som ligg i dei smarte straummålarane (AMS) for nettselskapa, straumleverandørane og deg som straumkunde. Dei smarte straummålarane gir deg betre informasjon om eige forbruk, og dei gir ei meir nøyaktig avrekning, slik at du som straumkunde vert fakturert for den straumen du faktisk brukar.

Det er innført nye reglar for bestilling og oppdatering av din kontaktinformasjon ved innføring av Elhub frå februar 2019. Det er straumleverandøren som skal utføre desse oppgåvene framover.

Du kontaktar kraftleverandør ved:

  • Flytting
  • Bestille straum
  • Endra e-post eller telefonnummer

Du skal fortsatt kontakte nettleverandør viss du til dømes skal:

  • Byggje nytt/knyta nybygg til straumnettet
  • Endre/auka effekten på det elektriske anlegget
  • Leggje om/flytte eksisterande nett
  • Endre fra 1-fase til 3-fase
  • Leggje om frå luft til kabel
  • Levere rivemelding
  • Sjekka forbruket du har hatt hjå ein tidligare straumleverandør (om du har skifta leverandør i det siste)
  • Sjekke forbruket for periodar der du ikkje har hatt straumleverandør
  • Spørje om noko knytt til nettleige
  • Melde frå om farlige forhold i nettet
  • Melda frå om eller sjekke status på straumbrot

Dato 14.02.2019

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.