Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.
Driftskonsulent/ - ingeniør

Driftskonsulent/ - ingeniør

Bli med på laget

Sognekraft produserer, overfører og sel energi. Selskapet eig og driv vasskraftproduksjon med ein årleg produksjon på vel 570 GWh, samt eit fjordenergianlegg. Vidare eig, driftar og forvaltar selskapet regional –og distribusjonsnett på 1872 km samt eit omfattande fibernett. Konsesjonsområdet avgrensa til kommunane Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal og Frønningen i Lærdal kommune.

Vi har for tida høg aktivitet med store nettutbyggingsprosjekt på regional- og distribusjonsnettnivå. Vi søkjer etter ny medarbeidar på avdelinga for nettstyring.

OPPGÅVER OG ANSVAR

  • Samle inn GPS data på nettanlegg og fiberanlegg
  • Registere data i nettinformasjonssystemet Netbas

KVALIFIKASJONAR

  • Fagbrev energimontør eller elektrikar
  • Gjerne teknisk fagskule elkraft
  • God datakunnskap

PERSONLEGE EIGENSKAPAR

  • Nøyaktig og legg vekt på kvalitet
  • Likar å jobbe sjølvstendig
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Løysningsorientert og motivert for ein travel kvardag

VTILBYR

  • Jobbe sjølvstendig i ei spennande bedrift i vekst
  • Kompetansesterkt, inspirerande og uformelt arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktige løn- og forsikringsvilkår

Kontorstad i Sogndal.

Ta kontakt med avdelingsleiar nettstyring John Kroken på tlf. 90 76 69 94 eller personalkonsulent Gro Fjærestad på tlf. 97 03 81 17 dersom du har spørsmål.

Send søknad og CV til post@sognekraft.no så snart som råd eller innan 11. mars.

Dato 12.02.2018

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.