Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.
Driftsingeniør stasjonsanlegg

Driftsingeniør stasjonsanlegg

Om stillinga

Sygnir AS er det nye nettselskapet i Sogn og ein del av Sognekraft-konsernet. Sygnir har vel 13 000 nettkundar og eig, driftar og forvaltar eit omfattande straumnett på heile 3000 km på både regional og distribusjonsnettnivå (132, 66 og 22kV). Konsesjonsområdet vårt omfattar blant anna Aurland, Lærdal, Sogndal og Vik kommune.

Me opplever for tida stor aktivitet på grunn av forbruksauke, nye typar kundar i nettet vårt, samt endringar i overliggande nett. På grunn av dette har me starta på ei omfattande tilrettelegging og fornying av nettet vårt. Samstundes skal me forvalte og drifte eksisterande nett på ein god og trygg måte. Vidare satsar me og på digitalisering for å møte nye behov og krav frå kundane våre – til no har dette blant anna resultert i at me i konsesjonsområdet vårt har bygd Norges mest omfattande LoRaWAN-nettverk.

Arbeidsoppgåver

På grunn av den auka arbeidsmengda så ynskjer me å styrke avdeling stasjonsanlegg i seksjon Nettstyring med ein ny medarbeidar.  Avdelinga arbeider med drift, vedlikehald og beredskap av regionale stasjonsanlegg, sentrale distribusjonsnettanlegg (med styring og overvaking) samt driftskontrollsystem med driftssentral og vern i nettet. Dette omfattar også releplanlegging og feilsøking i nettet. Vidare er det stor grad av proaktivt arbeid med fokus på blant anna oppfylging av nye anlegg i samarbeid med prosjektleiarar frå seksjon Nettutvikling.

Ut i frå søkjars kompetanse, erfaring og interesse er det aktuelt å drøfte nærare innplassering, ansvarsoppgåver og personleg utvikling i avdelinga.

Kvalifikasjonskrav

  • Minimum bachelor eller mastergrad innan elkraft/elektrofag
  • Med fordel erfaring som er relevant for stillinga
  • Gjerne fagbrev innan elektro

Me tilbyr

  • Ei spennande stilling på ein arbeidsplass som er viktig for det grøne skiftet, samtidig som den er ein viktig regional drivkraft i Sogn.
  • Opplæring, kurs og stort potensiale for eigenutvikling.
  • Ein travel arbeidsplass med stor aktivitet, store satsingar og gode kollegaer i eit sosialt produktivt miljø.
  • Kontorstad på ein av våre lokasjonar i Sygnir

Ta kontakt med seksjonsleiar nettstyring John Kroken på tlf. 907 66 994 dersom du har spørsmål til stillinga. Me ynskjer betre kjønnsbalanse i konsernet og oppfordrar generelt kvinner til å søkje.

Send søknad og CV til jobb@sygnir.no innan 30. mai

Dato 10.05.2022

Footer

X

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.