Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.
Driftsingeniør, nettkvalitet

Driftsingeniør, nettkvalitet

Bli med på laget!

Sognekraft produserer, overfører og sel energi. Selskapet eig og driv vasskraftproduksjon med ein årleg produksjon på vel 570 GWh, samt eit fjordenergianlegg. Vidare eig, driftar og forvaltar selskapet regional– og distribusjonsnett på 1872 km samt eit omfattande fibernett. Konsesjonsområdet omfattar kommunane Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal samt Frønningen i Lærdal kommune.

Vi har for tida høg aktivitet med store nettutbyggingsprosjekt på regional- og distribusjonsnett nivå, samstundes som vi skal forvalte eksisterande nettanlegg på ein god og trygg måte. Teknologitutvikling innan digitalisering skjer i eit stadig raskare tempo og nye digitale verktøy gjev moglegheiter for meir effektive måtar å arbeide på. Vi søkjer derfor etter ny medarbeidar på avdeling nettstyring, som blir med på utfordringane og ikkje minst moglegheitene dette gjev.

OPPGÅVER OG ANSVAR

  • Ansvar for å tilpasse selskapet til krav om nettkvalitet
  • Digitalisering – ta i bruk og implementere nye digitale verktøy
  • Arbeidsoppgåver med mellom anna internkontroll, beredskap, informasjonstryggleik og samsvar
  • Fylgje opp og ivareta selskapet sin aktivitet med fokus på forskrift om sikkerhet ved arbeid i og drift av elektriske anlegg (FSE)

KVALIFIKASJONAR

  • Høgare utdanning innan elkraft
  • Gjerne fagbrev energimontør eller elektrikar
  • God datakunnskap

PERSONLEGE EIGENSKAPAR

  • Strukturert, nøyaktig og legg vekt på kvalitet
  • Likar å jobbe sjølvstendig og samarbeidar godt
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Løysningsorientert og motivert for ein travel kvardag

VI TILBYR

  • Kompetansesterkt fagmiljø i ei bedrift i vekst
  • Inspirerande og uformelt arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktige løn- og forsikringsvilkår

Kontorstad i Sogndal eller Vik.

Ta kontakt med avdelingsleiar nettstyring John Kroken på tlf. 90 76 69 94 dersom du har spørsmål.

Send søknad og CV til jobb@sognekraft.no så snart som råd eller innan 10. mars.

Dato 23.01.2019

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.