Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.
Clemens Kraftverk kjøper Fjærland Kraft AS frå Sognekraft og inngår langsiktig samarbeid om drift

Clemens Kraftverk kjøper Fjærland Kraft AS frå Sognekraft og inngår langsiktig samarbeid om drift

Clemens Kraftverk AS, eit selskap i Clemens Kraft Gruppen, har signert ein avtale med Sognekraft AS om å overta 6 småkraftverk i Fjærlandsfjorden i Sogndal kommune. Samla normalproduksjon ved desse kraftverka er 125 GWh. Dette tilsvarar forbruket til vel 6 000 husstandar. Kraftverka vert overtekne med verknad frå 31. desember 2018.

Samstundes har partane inngått ein langsiktig avtale om drift av vasskraftverk i regionen, der Sognekraft skal stå for drifta av desse 6 kraftverka.

– Vi er svært godt nøgde med avtalen, og det langsiktige samarbeidet med Sognekraft, seier adm. dir. Børge Edvardsen Klingan i Clemens Kraft. – Sognekraft og Clemens Kraft er begge solide aktørar i bransjen, og den nye avtalen inneber eit industrielt viktig samarbeid.

Etter dette oppkjøpet har Clemens Kraft ein årleg produksjon på ca 450 GWh frå 35 kraftverk i drift. I tillegg har selskapet 10 kraftverk under bygging og ei rekke prosjekt under klargjering for byggjestart. Clemens Kraft har som målsetnad å produsere minimum 600 GWh innan utgangen av 2021. Selskapet er eit dotterselskap av Opplysningsvesenets fond (OVF), som eig 50,1% av selskapet. Sveitsiske CPV/CAP Pensionskasse Coop eig de øvrige 49,9 % av aksjene. Clemens Kraft har hovudkontor i Oslo og er i dag mellom dei største eigarane og utbyggjarane av småkraftverk i Norge.

– Eg er svært glad for denne avtalen med Clemens Kraft, der vi i Sognekraft skal stå for drifta av dei seks kraftverka. Vi ser fram til eit langsiktig samarbeid med Clemens Kraft, om utvikling og drift av kraftverk i regionen, sier Terje Bakke Nævdal, adm. dir. i Sognekraft.

Sognekraft har si hovudverksemd innan produksjon, distribusjon og sal av kraft. Sognekraft har konsesjon for straumnettet i fleire kommunar i indre Sogn. Selskapet eig og driftar vasskraftverk med ein årleg produksjon på 730 GWh, og sel ca 700 GWh til sluttkundar. Ved utgangen av 2018 jobbar det 113 personer i Sognekraft-konsernet. Sognekraft har som ambisjon å vekse innan produksjon av fornybar energi og har konkrete planar om fleire store utbyggingsprosjekt i regionen dei komande åra.

Kontaktpersonar:

Clemens Kraft
Børge Edvardsen Klingan, adm. dir.
borge.edvardsen.klingan@clemenskraft.no
Telefon +47 916 39 906

Sognekraft
Terje Bakke Nævdal, adm.dir.
terje.naevdal@sognekraft.no
Telefon + 47 911 81 056

 

Dato 20.12.2018

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.