Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.
2018 – det turre og dyre året

2018 – det turre og dyre året

Er du ein av dei som tykkjer straumprisane har vore unormalt høge i 2018? Svaret er at du har heilt rett, særleg har straumprisane denne sommaren vore høvesvis høge.

Straumrekninga du får frå Sognekraft og andre norske straumleverandørar ineheld tre deler; straum, nettleige og avgifter. Prisane på straumen dette året har vore vesentleg høgare om ein samanliknar med same periode dei siste seks åra, og spesielt i juli då straumprisen i Noreg har vore høgare enn nokon juli-månad tidlegare.

Hovudårsaka til den høge straumprisen er rett og slett vêret. Som dei fleste nok har fått med seg må ein langt tilbake i tid for å finna liknande turkesommar som den vi har hatt i 2018. Dette, saman med marknadssituasjonen, har ført til at vi har fått «vinterprisar» på straumen denne sommaren.

Den kalde vinteren 2017/2018 førte også til eit høgt prisnivå. I snitt betalte norske hushaldningar 106,4 øre per kilowattime (kWh) for straum inkludert avgifter og nettleige i første kvartal 2018, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB). I og med at politikarane har bestemt at vi skal vere ein del av den nordiske kraftmarknaden, har heller ikkje den ekstreme turkesommaren i Noren generelt senka prisnivået, tvert om.

Stoda i byrjinga av september 2018 er at kraftmagasinnivået i Noreg er langt under normalen, noko som tyder på at prisane nok vil gå ytterlegare opp framover. Berre ein ekstremt våt haust og våt og mild vinter vil bøte på dette. Lokale vassmagasin som har vore velfylte grunna bresmelting denne varme sommaren, slik som Veitastrondsvatnet og Hafslovatnet, påverkar den nasjonale situasjonen berre i liten grad.

Så kan ein spørje seg kvifor straum vert selt ut av Noreg? Dette har mellom anna med leveringstryggleik å gjere. Når Sognekraft og andre norske kraftprodusentar sel straum, går denne inn i den felles nordiske kraftbørsen og vert selt der etterspurnaden er. Noreg har i normale år kraftoverskot og i turre år kraftunderskot. Som ein del av den felles nordiske kraftmarknaden, gjev dette redusert risiko for at nasjonen har for lite kraft i dårlege år.

Kva kan du som straumkunde gjere for å redusere kostandene til straum? Her på nettsida vår finn du fleire gode tips til korleis du kan redusere straumforbruket ditt. Uansett bør du vere svært varsam med å late deg lokke av avtalar som nesten høyrest for gode ut til å vere sanne. Fleire selskap i Noreg prøver seg med slike lokketilbod, men dei fortel sjeldan heile sanninga. Det kan fort bli ein dyr lærdom å slå til på slike tilbod.

Ta heller kontakt med oss om du lurer på om du har rett avtale for deg og ditt forbruksmønster, så skal vi gje deg gode råd! Vi kan garantere at Sognekraft er konkurransedyktige på både kvalitet og pris, uansett kven du samanliknar med.

 

Dato 07.09.2018

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.